Reklame

Blåskjel i currysaus

Blåskjel i currysaus fall veldig i smak her i heimen, nydeleg med blåskjel servert på ein ny måte! Det heile tek ikkje meir enn ein halvtime å få ferdig, så dette er kjapp mat å lage klart. Det som tek mest tid er å skylle og sjekke at blåskjela er heile og klare for bruk. Men det er jo ei perfekt oppgåve for mann eller born;)

dampa blåskjell Blåskjel i currysaus

Blåskjell i currysausI oppskrifta har eg brukt eplejuice og litt kvitvinseddik, men har du litt kvitvin ståande kan du gjerne bytte ut dei to ingrediensane i oppskrifta med kvitvin i staden. Nokre gongar har eg vore framsynt nok til å fryse ned eit lite glas med kvitvinsrestar, og då er eg snar med å hente det fram til slike tilfeller som dette her. Viss ikkje er det ofte eplejuice og kvitvinseddik å finne her i heimen, og dette er testa og godkjent her.

Håper du fekk lyst på ein liten asiatisk vri på dei norske blåskjela! Currypaste og fishsauce finn du i den asiatiske hylla på butikken.

Blåskjel i currysaus

Oppskrift på Blåskjel i currysaus

2 porsjonar / Tid: 30 min

  • 1 kg blåskjel
  • 1 lime
  • 400 ml Helios kokosmjølk
  • 0,5 dl eplejuice
  • 1 ts kvitvinseddik
  • 2 ts raud currypaste
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ss fishsauce
  • 1 ss sukker
  • 1 korianderplante
  1. Skyl blåskjela under rennande kaldt vatn, og fjern skjel som ikkje lukkar seg eller er øydelagde. Fjern skjegg og anna rusk på blåskjela. Legg dei over i ei skål til du treng dei.

  2. Del limen i to, press ut all safta. Bland limejuice, kokosmjølk, eplejuice, kvitvinseddik, currypaste, finhakka kvitløk, fishsauce og sukker ei ein vid kasserolle med lokk. Kok opp under omrøring til all currypaste og sukkeret er oppløyst. La blandinga småkoke i 5.

  3. Hell blåskjela over i currysausen, legg på lokk og la blåskjela bli dampa/kokt til dei opnar seg. Dette tek 5-10 minutt. Rist forsiktig på kasserollen innimellom.

  4. Grovhakk koriander og strø på toppen av blåskjela og server med ein gong.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.