Pai med søtpotet
Pai med søtpotet er ein ny versjon av favorittpaien vår. Denne gong har vi testa søtpotet i staden for paideig, det funka fint og kan anbefalast vidare:) Alltid kjekt å prøve noko nytt, og å få bruke meir av «nye» grønsaker.
Samtidig blir paien naturleg glutenfri ved å bruke søtpotet, og enklare enn å leggje den i skiver i botnen kan ein knapt få det. Håper paien fell i smak hjå deg også!
Pai med søtpotet:
- 1-2 søtpotet
- 3 egg
- 2 dl mjølk
- 10 skiver god spekepølse
- 1 pakke ruccola
- 1 liten rødløk
- 2 fedd kvitløk
- 3 ss hakka soltørka tomat
- 1 god neve mozzarellaost
- salt og peppar
- Krydder: basilikum eller oregano
Slik gjer du:
- Vask søtpoteten godt og del den i tynne skiver (ostehøvel eller mandolin er fint).
- Fyll kanten og botnen av paiforma med søtpotetskivene.
- Del rødløken i bitar og legg den i paiforma saman med finhakka kvitløk.
- Ha i soltørka tomat, ruccola og spekepølse.
- Visp saman egga og bland i mjølka. Krydre og hell over i paiforma.
- Avslutt med ost på toppen.
- Steik midt i omnen på 200 grader i 40 minutt.
- La paien kvile litt før du skjær i den, allerbest blir den når du varmar den opp igjen dagen etter:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.