Tacosuppe
Eit alternativ til den tradisjonelle Tacoen, eller ein fin måte å bruke opp restar dagen derpå. Suppe er super middagsmat, og med tacosmak bør det vere lettare å få barn og unge til å ville ete det også:)
Til 3-4 personar treng du:
- 400 g kjøttdeig/karbonadedeig
- 1-2 løk
- 2 fedd kvitløk
- 1 raud paprika
- 3-4 ss maiskorn
- 1 boks hakka tomat (eller 3-4 ferske tomatar)
- 2 ss tomatpuré
- 1-2 ss tacokrydder
- 7-8 dl vatn
- Nøytral olje til steiking (eg brukte kokosolje)
Slik gjer du:
- Del løk, kvitløk og paprika i terningar.
- Leit fram gryta du skal lage suppa i og fres løk og kvitløk i litt nøytral olje, til løken blir blank.
- Ha i kjøttdeig/karbonadedeig og hakk den opp i mindre bitar.
- Ha over tacokrydderet og bland godt inn.
- Tilset tomatpuré, hakka tomat og vatn.
- Kok opp.
- Ha i paprika og mais og la småkoke i 10-15 min. Spe eventuelt med meir vatn, om det blir for «tørt».
- Server gjerne med nachos, ein rømmeklatt og litt reven ost.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.