Vekemeny 41

Vekemeny 41 er herved servert, og med det er haustferien i gong her i denne delen av landet. Kanskje har du nokre fridagar og ekstra tid til å lage noko godt? Her får du forslag til meny for veka:

Mandag

nachos med torsk

Nachos med torsk

Nachos med torsk høyres kanskje noko rart ut, men dette må du prøve! Fisken er krydra med tacokrydder, og rundt bordet fann ein raskt ut at det likna kylling. Kvit… Fortsett å les »

Tysdag

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød passar like bra på ein kvardag som på ein klubbkveld med jentene. Fyll gjerne på med det du måtte like av grønsaker. Dess fleire næringsstoff og vitaminar… Fortsett å les »

Onsdag

superenkel fiskegrateng

Superenkel FISKEGRATENG

Superenkel fiskegrateng er verkeleg så enkel som den høyres ut. Denne versjonen treng verken forkoking av makaroni eller fisk, og er laga på 1-2-3. Kjøpeversjonen har ikkje sjanse i konkurranse… Fortsett å les »

Torsdag

pølser innbakt bursdag

Innbakte pølser

Innbakte pølser er ein fin vri på vanleg pølse med brød, og er litt ekstra stas å ete. Eg passar alltid på å lage nokre snurrar utan pølse inni, og… Fortsett å les »

Fredag

Kvit pizza med spekeskinke og blåmuggost

Kvit pizza med spekeskinke og blåmuggost har creme fraiche i staden for pizzasaus og smakar nydeleg godt! Botn: 300 g (ca 5dl) kveitemjøl 3 dl lunka vatn ½ pk tørrgjær… Fortsett å les »

Laurdag

Grøn falafel med salat og avokadohummus

Grøn falafel er nydeleg vegetarmat som har krønsj på utsida og mjuk og irrgrøn innside. Det er spinat som gir den flotte fargen, utan å overdøve den gode falafelsmaken. Perfekt… Fortsett å les »

Søndag

får i kål

Fårikål

Fårikål er haust og tradisjonar. At ein kan få til noko så godt med så få ingrediensar er sjarmerande, og så er det kjekt med middag som lagar seg sjølv…. Fortsett å les »

Vekas brødmat

brødvaffel

Brødvaffel

Brødvaffel har blitt ein populær vaffel å servere i staden for brødskive. Denne versjonen er laga etter prinsippet i Proteinrundstykker med base av cottage cheese, havregryn og egg. Med ei… Fortsett å les »

Noko godt

arme riddarar

Arme riddarar

Arme riddarar er nydeleg kveldsmat eller ekstra god frukost. Og det beste av alt? Du lagar det av brød som eigentleg er tørt og ikkje så godt å ete. Med… Fortsett å les »

Vekas kake

brownie med søtpotet

Søtpotet­sjokoladekake

Søtpotetsjokoladekake er som tittelen kanskje avslører: sjokoladekake med søtpotet i. Den er saftig og nydeleg på smak. I tillegg til at du fekk lurt inn ei grønsak i ei kake… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.