
Vekemeny 39
Vekemeny 39 er på plass med forslag til heimelaga rettar kvar einaste dag. Finn du noko du får lyst til å setje på bordet?
Mandag
Nudelsalat med peanøttsaus
Ein frisk og god salat med smakar frå Asia som er ferdig på ti minutt sa du? Ja her er den! Ferdig kutta salatmix, glasnudlar som skal trekke i tre… Fortsett å les »
Tysdag
Kylling i currysaus med eple og cashewnøtter
Kylling i currysaus med eple og cashewnøtter er kjapp middag som passar like bra på ein ettermiddag som på ein veninnekveld. Med knasande eplebitar i sausen er denne retten både… Fortsett å les »
Onsdag
Gyllen blomkålsuppe
Gyllen blomkålsuppe er perfekt vintermat. Det lille ekstra ein treng når ein kjenner seg litt tufs, eller kjenner at ein bryggar på noko. Med gurkemeie som er betennelsesdempande og god… Fortsett å les »
Torsdag
Søtpotet- og linsegryte med spinat
Søtpotet- og linsegryte med spinat er nydeleg på smak og lett å trylle fram. Ingrediensane er slike som eg gjerne har tilgjengeleg i kjøkkenskapet. Og då kan denne gryta enkelt… Fortsett å les »
Fredag
Proteinpizza med pesto, tomat og mozzarella
Proteinpizza med pesto, tomat og mozzarella har pizzadeig som er kjapp og enkel å lage. Deigen treng ikkje heving, og det er lett å lage den glutenfri ved å bruke… Fortsett å les »
Laurdag
Grøn falafel med salat og avokadohummus
Grøn falafel er nydeleg vegetarmat som har krønsj på utsida og mjuk og irrgrøn innside. Det er spinat som gir den flotte fargen, utan å overdøve den gode falafelsmaken. Perfekt… Fortsett å les »
Søndag
Langtidssteikt lammeskank med grønsaker
Langtidssteikt lammeskank med grønsaker er kjøt som smeltar på tunga. Lammeskank er vel verdt å kjøpe med seg heim når du finn det på butikken. Det gir verkeleg ein digg… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefritt kvardagsbrød
Eltefritt kvardagsbrød blei kåra til verdas beste brød då det kom på bordet tidlegare i år. Sprø skorpe og ingen frø eller kjerner er suksessoppskrifta for å gjere skuleguten fornøgd…. Fortsett å les »
Noko godt
Risbrød
Risbrød er glimrande å ha som noko godt til kaffien etter middag og er ein enklare versjon av risbollane vi lagar til jul. Utan muffinsformer og meir kliss med sjokoladen… Fortsett å les »
Vekas kake
Kokoskake med pistasjenøtter
Kokoskake med pistasjenøtter er både nydeleg på smak og enkel å lage. Kaka inneheld både kokosblomstsukker som er mykje meir næringsrikt enn vanleg sukker, og kokosolje som er noko av… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.