
Vekemeny 32
I vekemeny nummer 32 finn du suppe i fleire variantar, biff med bernaise og gode dessertar til blåbærplukkinga. Har du kome i gong med kvardagen igjen eller er det ferietid enno? Uansett håper eg du finn noko som fristar.
Mandag
Fiskesuppe med reker og blåskjell
Ein ting vi norske var rimeleg enige om at vi sakna i Asia var fisk og fiskemat. Eller for å vere meir korrekt; fisk laga på nordiske måtar. I Asia… Fortsett å les »
Tysdag
Gratinert løksuppe
Gratinert løksuppe er nydeleg godt samstundes som det må vere ei av dei billegaste suppene du kan lage. Perfekt for studentar som treng næringsrik mat for få kroner. Kjenner du… Fortsett å les »
Onsdag
Gratinert romanesco
Har du sett finare grønsak?! Eg er i allefall bergtatt, og min tidlegare utropte favorittgrønsak artisjokk har fått hard konkurranse… Romanesco er ei kryssing av brokkoli og blomkål, og har… Fortsett å les »
Torsdag
Easy peasy pasta
Easy peasy pasta er middagen du treng den dagen du ikkje har tid til å lage middag. Du veit når det er strålande sol ute og du vil berre få… Fortsett å les »
Fredag
Enchiladas med kjøttdeig og bønner
Enchiladas med kjøttdeig og bønner er perfekt å servere når du har restar frå fredagstacoen. Ved å tilsette litt ekstra ingrediensar får du både ein ny rett og du får… Fortsett å les »
Laurdag
Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter
Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter er skikkeleg laurdagskveldmiddag med noko raudt i glaset til. Hasselbackpoteter blei ein favoritt her i heimen frå første gong vi laga det. Du deler potetene… Fortsett å les »
Søndag
Black pepper sauce wok
Dette er ein av mine asiatiske favorittar og det var god stemning i heimen då vi fann ut av vi kunne lage sausen sjølv, utan å kjøpe ein ferdig pakke!… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefritt grovbrød i gryte
Eltefritt er favorittmetoden her i huset. Rør raskt saman deiga om kvelden, la deiga heve heile natta og nyt nysteikt brød til sein frukost eller lunsj. Har du forsøkt denne… Fortsett å les »
Noko godt
Blåbærsmuldrepai med krem
Blåbæra er endeleg å finne i skogen, og det er berre å ta med seg ei bøtte og så mange born du finn og plukke til krampa tek deg. Fin-fin… Fortsett å les »
Vekas kake
Bakt ostekake med blåbær
Bakt ostekake med blåbær er fløyelsmjuk ostekake som verkeleg er ein høydare på eit kvart kakebord. Med blåbær gøymt inne i kaka og på toppen blir det i tillegg knallfarge!… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.