Omnsbakt rosenkål med balsamico, mandlar og tranebær
Omnsbakt rosenkål med balsamico, mandlar og tranebær er nydeleg tilbehør til julemiddagen og er kjapt og enkelt å lage. Dette er det ingen grunn til at du skal lage klart dagen før, slik som er kjekt med rødkål og surkål, rosenkål kan faktisk steike i omnen medan hovudretten kviler.
Omnsbakt rosenkål med balsamico, mandlar og tranebær
Om du ikkje har tranebær så kan du bruke rosiner, eller anna tørka frukt delt i mindre bitar. Det same gjeld mandlar. Du kan bruke pistasjenøtter, valnøtter, pekannøtter, hasselnøtter eller cashewnøtter i staden.
Dersom det er nøtteallergi blant gjestane så kan du faktisk bytte ut nøttene med solsikkekjerner eller graskarkjerner også. Men noko som gir litt krønsj er uansett godt.
Håper du fekk lyst å lage omnsbakt rosenkål du og! Velbekomme.
Oppskrift på Omnsbakt rosenkål med balsamico, mandlar og tranebær
- 500 g rosenkål
- 2 ss balsamicoeddik
- 2 ss olivenolje
- 2 ss lønnesirup
- 2-3 ss mandlar
- 2-3 ss tranebær
- Salt og pepar
Set omnen på 225 grader over- og undervarme.
Vask rosenkåla, del dei i to og legg i ei eldfast form.
Ringle over balsamicoeddik, olivenolje og lønnesirup. Bland lett slik at alle rosenkål får litt saus på seg.
Steik midt i omnen i 15 minutt.
Grovhakk mandlane og ha dei over rosenkåla saman med tranebæra. Steik vidare i 5 minutt, til rosenkåla er gylne og har begynt å bli lett bruna.
Ha over nykverna salt og pepar og server.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.