Vekemeny 36

Og så var vekemenyen på plass igjen på bloggen! Ein lang og god sommarferie er overstått, og det er tid for rutiner igjen. Håper du har komt godt i gong, og er klar for inspo i matvegen!

Ha ei fin septemberveke!

Mandag

grønsakscurry

Vegetarcurry

Vegetarcurry er curry med grønsaker, linser og deilige krydder med litt futt i. Curry er ein av dei rettane som fint kan lagast utan kjøt, utan at det går på… Fortsett å les »

Tysdag

fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar i karrisaus er så mykje enklare å lage enn du trur. Har du nokon gong laga kjøttkaker? Det er ganske likt, og dette er ein slik rett som går… Fortsett å les »

Onsdag

blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke er ein nydeleg klassikar av ei suppe. Suppa har mild og rund smak av blomkål og salt og sprø topping. At suppa er klar på under… Fortsett å les »

Torsdag

lakseburger i pitabrød

Lakseburger i pitabrød

Lakseburger i pitabrød er lett å lage og lett å like. Du treng ei matmølle (foodprosessor) for at det skal gå raskast mogleg, men har du ikkje det tilgjengeleg kan… Fortsett å les »

Fredag

verdens beste hjortegryte

Hjortegryte med gratinert potetmos

Hjortegryte med gratinert potetmos er ein vinnar å setje på bordet når det er gjestar i heimen. Med ein jeger i hus er dette kortreist mat som mettar mange. Det… Fortsett å les »

Laurdag

gratinert romanesco

Gratinert romanesco

Har du sett finare grønsak?! Eg er i allefall bergtatt, og min tidlegare utropte favorittgrønsak artisjokk har fått hard konkurranse… Romanesco er ei kryssing av brokkoli og blomkål, og har… Fortsett å les »

Søndag

blomkål-taco

Blomkål-taco

Blomkål-taco er ikkje noko ny oppfinning, og er eit supert alternativ til den tradisjonelle kjøttdeiga. Blomkålen deler du enkelt i bitar, vender inn med olje og krydder og steiker i… Fortsett å les »

Vekas brødmat

eltefritt brød med sammalt kveite

Eltefritt brød med sammalt kveite

Eltefritt brød med sammalt kveite laga eg på Instastory for nokre dagar sidan, og fekk vanvittig med tilbakemeldingar frå dykk. Kunne det verkeleg vere så enkelt å lage eit brød… Fortsett å les »

Noko godt

Glutenfri nøttegranola

Glutenfri nøttegranola har fått meg på granola-kjøret igjen, etter ei lang omelett-pause… Eg kom over ei oppskrift med crunchy granola, og kunne ikkje få laga den raskt nok! Eg har… Fortsett å les »

Vekas kake

Blåbærsmuldrepai med krem

Blåbærsmuldrepai med krem

Blåbæra er endeleg å finne i skogen, og det er berre å ta med seg ei bøtte og så mange born du finn og plukke til krampa tek deg. Fin-fin… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.