
Vekemeny 19
Eg hadde ikkje før ønska mai velkommen sist søndag, før snøen lava ned … Det kjennes som vi rykka to månedar tilbake i tid. Men mai er uansett ein festmånad, så her er det berre å leite fram festmaten. Kaldtbordsalatar og kaker tronar på besøksstatistikken på bloggen, og erfaringsmessig kjem det til å halde stand til langt over 17. mai. Hipp hurra!
Ein annan ting som fleire lesarar har ropt hurra for er at kokeboka Kvardagsmat no er på tilbod!
Klikk her for å kjøpe boka med 50 % rabatt!
Her får du denne vekas menyforslag
Mandag
Druesalat
Druesalat er super å setje på bordet der du ellers ville ha servert potetsalat eller waldorfsalat, eller gjerne som tillegg til desse to klassikarane når du skal ta med noko… Fortsett å les »
Tysdag
Kylling i spicy appelsinsaus
Kylling i spicy appelsinsaus er deilig spicy, søt og syrleg. Du kan variere kor sterk du vil ha sausen avhengig av kor mykje sriracha eller samabal oelek du har i,… Fortsett å les »
Onsdag
Gyllen blomkålsuppe
Gyllen blomkålsuppe er perfekt vintermat. Det lille ekstra ein treng når ein kjenner seg litt tufs, eller kjenner at ein bryggar på noko. Med gurkemeie som er betennelsesdempande og god… Fortsett å les »
Torsdag
Torsk i tomatsaus
Torsk i tomatsaus har smakar som minner om Bacalao, men har fersk torsk i staden for klippfisk. Skilnadane er fleire, men likheita i smak gjer at denne er populær å… Fortsett å les »
Fredag
Tortilla med laks, avokado og spicy dressing
Tortilla med laks, avokado og spicy dressing er laga på under tretti minutt og er difor perfekt til rask middag ein heilt vanleg kvardag -men faktisk god nok til å… Fortsett å les »
Laurdag
Pepperkrabbe
Pepperkrabbe er asiatiske smakar på nydeleg norsk råvare. Vi har investert i krabbeteiner i år, og har ete meir krabber dette året enn samanlagt heile livet. Min favoritt er og… Fortsett å les »
Søndag
Baconsurra kylling med krema pasta
Baconsurra kylling med krema pasta er ein av desse deilige kvardagsmiddagane som er raske å lage og lette å like. Her er det berre å steike kyllingen, eller grille… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefri focaccia med soltørka tomat
Ein av dei finfine tinga med å blogge er alle oppskriftene kjente og ukjente deler med meg. Det er stas og held verkeleg liv i matgleda! Denne oppskrifta fekk eg… Fortsett å les »
Noko godt
Brødvaffel
Brødvaffel har blitt ein populær vaffel å servere i staden for brødskive. Denne versjonen er laga etter prinsippet i Proteinrundstykker med base av cottage cheese, havregryn og egg. Med ei… Fortsett å les »
Vekas kake
Verdens Beste – Kvæfjordkake
Verdens Beste – Kvæfjordkake. Denne kaka treng vel neppe å bli introdusert? Den har blitt kåra til Noregs beste kake fleire gongar og går like ofte under namnet «Verdens Beste»… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.