Kanelsnurr med spelt
Kanelsnurr er alltid populært å servere her i heimen, eller ute på tur. Difor har vi ofte ein brødpose full av kanelsnurrar i frysaren, klar for å rykke ut i skog og mark med noko godt i sekken. Denne gongen har vi laga dei med spelt, som blir rekna for å vere litt mildare mot magen. Godkjent av kanelsnurr-banden og dermed klar for å bli servert på bloggen!
Kanelsnurr med spelt
Før du spør; ja perlesukkeret er kjøpt i Sverige. Det ser heilt identisk ut som det vi har i Norge utanpå, anna enn at det står på svensk då. For ei som bur så langt vest som ein kan kome i dette landet, blir det sjeldan tur over grensa for å handle. Men perlesukker held seg heldigvis lenge, så ferieturen for to år sidan varer framleis. Målt i perlesukker i allefall.
Men om du har svensk perlesukker eller ikkje, gode kanelsnurrar blir det uansett. Håper dei fell i smak! Lukke til:)
Oppskrift på Kanelsnurr med spelt
Bolledeig
- 5 dl H-mjølk
- 150 g sukker
- 1 ts kardemomme
- 1/2 ts salt
- 2 ts tørrgjær
- 1 egg
- 900 g speltmjøl + ekstra til baking
- 150 g smør
Fyll
- 3-4 ss mjukt smør
- 1-2 ss kanel
- 2-3 ss sukker
Topping
- 1 egg
- 1 ss mjølk
- 2-3 ss perlesukker
Ha mjølk, sukker, gjær, speltmjøl og egg i bakebollen. Elt, gjerne i kjøkkenmaskin, til det er ei jamn deig.
Ha i smør i terningar og elt vidare i ca ti minutt, til det er i jamn deig som slepp bakebollen. Dekk til bakebollen med ein stor tallerken eller eit kjøkkenhåndkle og la heve. Deiga kan anten heve i kjøleskap over natta eller på benken i ca 2 timar.
Ha deigen på mjøla bakebenk og kjevle eit rektangel med ca 0,5 cm høgde. Fordel smør, kanel og sukker utover deigen.
Ta tak i eine langsida og brett deigen over seg sjølv. Del opp i remser. Tvinn remsene og set dei på bakepapirkledd steikebrett. La etterheve under klede i 20-30 minutt.
Visp saman egg og mjølk og pensle bollane. Strø perlesukker over.
Steik eitt brett i gongen på 200 grader over- og undervarme i 10-15 minutt. Til dei er gylne over og under.
Avkjøl bollane på rist.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.