Vekemeny 47
Vekemeny 47 er på plass og det er tid for å planlegge den komande veka. Kva skal du ha til middag? Kva aktivitetar står på planen? Og kor mange blir det til bords? Spørsmål som kan vere grei å tenke gjennom, sjølv om du ikkje veit svaret heilt 100 %. Med ein plan kjem ein lenger, og du treng ikkje å planlegge for meir enn 2-3 dagar fram i tid for å ha god nytte av den.
Ha ei fin veke!
Vekemeny 47
Mandag
Vegetarcurry
Vegetarcurry er curry med grønsaker, linser og deilige krydder med litt futt i. Curry er ein av dei rettane som fint kan lagast utan kjøt, utan at det går på… Fortsett å les »
Tysdag
Krema fiskesuppe med sei
Eg kjøpte fersk sei i fiskedisken i går og fekk plutseleg lyst på fiskesuppe. Deilig krema fiskesuppe med kremfløyte og eggeplomme saman med haustens grønsaker. Og fiskesuppe er verkeleg noko… Fortsett å les »
Onsdag
Baconsurra kylling med krema pasta
Baconsurra kylling med krema pasta er ein av desse deilige kvardagsmiddagane som er raske å lage og lette å like. Her er det berre å steike kyllingen, eller grille… Fortsett å les »
Torsdag
Kinesisk stekt ris
Kinesisk stekt ris, eller Chinese Fried Rice som høyres litt meir fancy ut, er skikkeleg digg kosemat. Risrestar frå dagen før blir plutseleg ein høydare, og det er ein enkel… Fortsett å les »
Fredag
Quesadilla
Quesadilla er vel ein av dei matrettane som knapt treng ei oppskrift. Men du og du så godt det er! Heilt perfekt som noko lite og godt ein kveld du… Fortsett å les »
Laurdag
Bearnaise saus
Å lage bearnaise saus er slett ikkje vanskelg. Lag den over vassbad -då har du betre kontroll med varmen og unngår at sausen skil seg. Her gir eg deg steg… Fortsett å les »
Søndag
Lammesteik i surmelk
Denne lammesteika hadde vi til middag sist helg, med stor suksess. Eg tok meg ein tur på biblioteket og blada i mange fine og rare kokebøker og kom over lammesteik… Fortsett å les »
Noko godt
Sarah Bernhardt
Sarah Bernhardt er konfekt-kake på sitt beste. Med nydeleg mandelmakron som botn, deilig fluffy sjokoladefyll og knasande sjokoladetrekk på toppen er dette perfekt ettermiddagsdessert. Sarah Bernhardt På bileta ser du… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefri rundstykke til hytteturen
Eltefri rundstykker er og blir ein favoritt, og då må vi sjølvsagt lage det når vi er på hyttetur også. Har du ikkje gryte og utstyret du treng seier… Fortsett å les »
Vekas kake
Rullekake med bringebær
Rullekake med bringebær er kaka du skal lage om du treng ei kake på 1-2-3 og kjøleskapet manglar krem. Egg, mjøl, sukker og syltetøy er nesten alt som skal til,… Fortsett å les »
Vekas julebakst
Krumkaker
Krumkaker er sprø kaker som anten kan fyllast med krem og bær, eller etast åleine. Krumkakene er mjuke i det dei kjem ut av krumkakejarnet, men stivnar fort, så det… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.