Vekemeny 16

Vekemeny 16 er på plass, og det er jammen meg våren også! Hurra for varmegrader og fuglekvitter. Denne tida på året gjer meg så glad. Energinivået stig for kvar dag, dagslyset varer lenger enn ein treng det, og vinterskoa forsvinn lenger og lenger bak i skapet.

Vekemeny 16

Eg får lyst til å grille og endeleg har eg lyst på andre ting enn varmande gryter og supper. Brødbakinga er plutseleg lystbetont og ikkje ei plikt lenger. Vår altså! Underverk på alle måtar.

Håper du kjenner det på same måten, og får lyst til å lage noko godt på kjøkkenet. Her får du vekas forslag.

Mandag

vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta

Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta

Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta er ein skikkeleg god pizza som gjerne går på repeat her! Salt fetaost, raud pesto med litt sting i og knasande pinjekjerner er… Fortsett å les »

Tysdag

tunfisksalat

Tunfisksalat

For nokre veker sidan var eg i Oslo, og sidan eg først var i storbyen besøkte eg Ina frå Mat på bordet i same slengen. Ho har innreidd ny matverkstad… Fortsett å les »

Onsdag

krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon

Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon

Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon smakar godt og er fin på farge. Grønt er kult! Med sprøsteikt bacon på toppen og fløyte i suppa er dette luksusversjonen av grønsaksuppa. Krema,… Fortsett å les »

Torsdag

ovnsbakt torsk med valnøttpesto

Ovnsbakt torsk med valnøttpesto

Vi prøvar å ete torsk ein gong i veka, og målet er å auke det til to. Leit etter fisk som er ”sea frozen” slik at du unngår fisk som… Fortsett å les »

Fredag

vekemeny 9

Pizza margherita

Pizza er populært! Og allerbest synest kidden det er når han får pizza der han slepp å plukke vekk paprikaen og anna stæsj som foreldra likar. Kjenner du til problemet…?… Fortsett å les »

Laurdag

asiatisk kylling

Kylling i spicy appelsinsaus

Kylling i spicy appelsinsaus er deilig spicy, søt og syrleg. Du kan variere kor sterk du vil ha sausen avhengig av kor mykje sriracha eller samabal oelek du har i,… Fortsett å les »

Søndag

oppskrift oksehalegryte

Oksehalegryte med tomat

Oksehalegryte med tomat er mat som tek lang tid å lage, men som er vel verdt ventinga. Kjem du over oksehalar i butikken er det berre å fylle handlekorga og… Fortsett å les »

Noko godt

enkle bounty

Enkle bountykuler

Enkle bountykuler er raskt å lage, krev få ingrediensar og smakar nydeleg. Søtt og godt med deilig konsistens og smak av kokos og sjokolade. Kulene held seg lenge i kjøleskap,… Fortsett å les »

Brødmat

eltefritt rundstykker

Eltefrie 4-korn rundstykker

Eltefrie 4-korn rundstykker er ein ny versjon av dei rundstykka vi lagar oftast i vår heim (kanskje i konkurranse med Proteinrundstykka som også er høgt på lista). Dette er super… Fortsett å les »

Vekas kake

pavlova 17.mai

Pavlova i langpanne

Pavlova er kanskje mi absolutte favorittkake. Marengs, krem og friske bær er jo godt kvar for seg, men absolutt best saman. Eg diggar at botnen kan lagast klar lang tid… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.