Vekemeny 3
Vekemeny 3 er klar, håper du finn noko som fristat å setje på bordet. Lag gjerne dobbel porsjon når du er i gong, så har du enkel middag til dagen etter. Ingen dagar er like her i heime i allefall, og nokre ettermiddager er meir hektiske enn andre. Då er det gull å ha restemiddag klart, eller å kunne ta opp ein rett frå frysaren. Heimelaga middag kvar dag blei plutseleg ikkje så vanskeleg å få til. Mitt tips til deg!
Vekemeny 3
Mandag
Tunfisksalat
For nokre veker sidan var eg i Oslo, og sidan eg først var i storbyen besøkte eg Ina frå Mat på bordet i same slengen. Ho har innreidd ny matverkstad… Fortsett å les »
Tysdag
Fiskegrateng med fullkornmakaroni
Til 4-5 personar treng du: 700 g torsk 250 g fullkornmakaroni 1/2 purre 3 egg 2 ss smør 2 ss kveitemjøl 5 dl mjølk 1/2 ts muskat salt og peppar… Fortsett å les »
Onsdag
Søtpotetsuppe med paprika
Søtpotetsuppe med paprika er deilig varmande og god suppe for heile familien. Søtpotet gir ei suppe med nydeleg farge og deilig smak. Med litt currypaste blir det futt i suppa,… Fortsett å les »
Torsdag
Krema kyllingform
Krema kyllingform har milde smakar og er lett å lage. Det er kjapt forklart bitar av steikt kylling, litt løk og spinat saman med fløyte. På toppen av det heile… Fortsett å les »
Fredag
Nachos med torsk
Nachos med torsk høyres kanskje noko rart ut, men dette må du prøve! Fisken er krydra med tacokrydder, og rundt bordet fann ein raskt ut at det likna kylling. Kvit… Fortsett å les »
Laurdag
Kvit bacalao med chorizo og bacon
Kvit bacalao med chorizo og bacon kan vere både kvardagsmat og festmat. Hugsar du å legge klippfisken i bløyt passe lenge nok før du skal lage middagen er det meste… Fortsett å les »
Søndag
Oksehalegryte med tomat
Oksehalegryte med tomat er mat som tek lang tid å lage, men som er vel verdt ventinga. Kjem du over oksehalar i butikken er det berre å fylle handlekorga og… Fortsett å les »
Noko godt
Arme riddarar
Arme riddarar er nydeleg kveldsmat eller ekstra god frukost. Og det beste av alt? Du lagar det av brød som eigentleg er tørt og ikkje så godt å ete. Med… Fortsett å les »
Brødmat
Eltefri rundstykker med solsikkekjerner
Du treng: 150 g grov sammalt rug 350 g kveitemjøl 50 g solsikkekjerner 25 g linfrø 25 g sesamfrø 1ts tørrgjær 1ts salt 1ss flytande honning 4 dl lunka… Fortsett å les »
Vekas kake
Kladdkake
Kladdkake er kaka du rører saman i kasserolla og så heller rett i kakeforma. Inn i omnen i nokre kjappe minutt medan du ryddar kjøkkenet, og så til avkjøling i… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.