10 vegetar­favorittar

Sidan vi akkurat har skifta til nytt årstal er det ny giv og nye mål. Eit av måla her på bloggen, som hjå så mange andre er å ete litt mindre kjøt. Nokre av rettane utan kjøt her på bloggen har allereie blitt flittig brukt av dykk i året som har gått, så her er det mange som tenkjer det same. I 2018 kjem det enda fleire oppskrifter, men før det kan du scrolle gjennom dei beste frå i fjor. Her får du 10 vegetarfavorittar frå 2017.

nøttestek med quinoa

10 vegetarfavorittar

Her finn du vegetaroppskriftene på bloggen samla. Det øvste biletet viser Tomat- og mozzarellasalat og på biletet over her ser du ei av dei nyaste vegetaroppskriftene: Nøttesteik med quinoa.

alternativ til potetsalat

Druesalat

Druesalat er super å setje på bordet der du ellers ville ha servert potetsalat eller waldorfsalat, eller gjerne som tillegg til desse to klassikarane når du skal ta med noko… Fortsett å les »

falafel pita oppskrift

Falafel i pitabrød

Falafel høyrest so eksotisk og vanskeleg ut, og så er det eigentleg noko av det enklaste ein kan lage på kjøkkenet -og så godt! Du må rett nok ha eit… Fortsett å les »

vekemeny 14

Lasagne med grønsaker

Denne lasagnen har både tomatsaus og ostesaus, og eg kan nesten garantere at dei du serverar den til ikkje vil leggje merke til at den manglar kjøt i seg. Ein… Fortsett å les »

stekt ris

Kinesisk stekt ris

Kinesisk stekt ris, eller Chinese Fried Rice som høyres litt meir fancy ut, er skikkeleg digg kosemat. Risrestar frå dagen før blir plutseleg ein høydare, og det er ein enkel… Fortsett å les »

enchilladas

Enchiladas med bønner

Enchiladas med bønner Enchiladas med bønner og spicy tomatsaus er finfin fredagskveldmat å servere som variasjon til den tradisjonelle tacoen. Deilig krydra tomatsaus rulla inn i ei mjuk lefse med… Fortsett å les »

rask enkel pasta

Easy peasy pasta

Easy peasy pasta er middagen du treng den dagen du ikkje har tid til å lage middag. Du veit når det er strålande sol ute og du vil berre få… Fortsett å les »

Minestronesuppe

På ein italiensk restaurant fekk eg nyleg ei minestronesuppe som smakte nydeleg, og det gav meg inspirasjon til å kokkelere heime. Dette er ei suppe som er genial å lage… Fortsett å les »

krema blomkål

Krema blomkål- og potetgrateng

Krema blomkål- og potetgrateng er fint å servere som ein lett liten rett i seg sjølv, eller som digg tilhøyr når du diskar opp med fisk eller kjøtrettar. Retten er… Fortsett å les »

perfekte potetbåtar

Perfekte potetbåtar

Eg har skjønt at seige, soggy, understeikte potetbåtane er eit reelt problem. Eller kanskje ikkje eit problem. Ei utfordring som må løysast! Og for all del -dei seige og soggy… Fortsett å les »

blomkål ostesaus

Gratinert blomkål

Gratinert blomkål er ein nydeleg måte å bruke rotgrønsaka som du finn over alt i butikkane no. Med ein kjapp heimelaga ostesaus funkar dette som eit eige måltid. Eller som… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.