Melisbollar

Du har kanskje høyrt om melisbollar? Bolledeiga som ikkje treng forheving, men som skal trillast ut med det same? Oppskrifta er publisert under «Verdas beste bollar» her tidlegare, men etter å ha justert litt og funne ein kjappare måte å gjere det på er det tid for ei lita reprise. Og gode ting kan vel ikkje seiast for ofte?

verdens beste boller

Melisbollar

I staden for å varme opp mjølka og så avkjøle den har vi testa om det heller var nok å berre varme mjølka til passe temperatur. Då slepp ein avkjøling, og prosessen går raskare. Ved å smelte smøret først går alt som ein leik, og bollane blir ferdige endå tidlegare enn i første versjon.

melisboller

Vil du pensle bollane før dei går i omnen kan du sjølvsagt gjere det. Men nokre gongar synest eg det er finast utan penslinga på. Smaken er som baken, den er delt i to. Gode bollar blir det utansett. Og mora blir ekstra populær i nokre minutt den dagen;)

melisbollar

Oppskrift på Melisbollar

  • 1 liter mjølk
  • 250 g melis
  • 300 g smør
  • 1 ts kardemomme
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 1500-1700 g kveitemjøl
  1. Smelt smør i ei kasserolle. Hell i mjølka og rør inn melisen. Varm opp til det er fingervarmt.

  2. Hell den varme blandinga i ein eltebolle og ha alt det tørre på toppen. Hald tilbake litt av mjølet. Elt deiga til den er jamn.

  3. Ha deiga på mjøla bakebenk og del opp i 24 like store deigklumpar. Trill til bollar og set på bakepapirkledd steikebrett.

  4. Dekk til med eit kjøkkenhandkle og la heve i 30-45 minutt.

  5. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  6. Steik eitt brett i gongen i 10-15 minutt. Avkjøl på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.