Verdas beste bollar

kveitebollar

Denne oppskrifta på bollar kjem Kristine frå detsoteliv.no og det er ho som har erklært dei for verdas beste bollar. Eg har endra litt på oppskrifta etter å ha baka dei mange gongar, men eg er likevel samd i at dette er verdas beste bollar!

Oppkokt melk, smør og melis er trikset og det kjekke er at deiga ikkje treng to hevingar. Finn fram ingrediensane og gled dei rundt deg med nysteikte bollar om litt.

Du treng:

  • 1 liter mjølk
  • 250 g melis
  • 300 g smør
  • 1/2 ts kardemomme
  • 1 pk tørrgjær
  • 1500-1700 g kveitemjøl
  • 1 egg + 1 ss mjølk
bollar bollar
  1. Mål opp melis, smør og mjølk i ei kasserolle. Kok opp under omrøring. Set heile kasserolla i kaldt vatn for å kjøle ned væska til 37-40 grader litt raskare.
  2. Elt saman væska med det tørre. Hald tilbake litt av kveitemjølet og tilset etterkvart.
  3. Ha deiga på mjølete bakebenk og del opp i 24 emner. Trill til bollar og sett på bakepapirkledd steikebrett.
  4. Dekk med plast og la heve i 30-60 min.
  5. Pensle bollane med 1 samanpiska egg blanda med 1 ss mjølk.
  6. Steik på 225 grader i 10-15 min. Avkjøl på rist.

Bollane er fine å fryse. Tin dei på benken og la dei få nokre minutt på varmluft på 150 grader og dei smakar som nysteikte igjen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.