Vekemeny 6
God søndag – den aller første i februar!
Denne vekemenyen har samla nokre av favorittane frå månaden som gjekk, så håpar eg du finn inspirasjon til å lage noko godt til matbordet i veka som kjem også. I februar står det både morsdag, fastelavn og valentindag på kalendaren, så det blir gode høve til å lage noko ekstra godt!
Om du følgjer meg på andre sosiale medier har du sikkert sett at eg er på tur i det du les dette, klar for å utforske Miami og området rundt. På planen står det fleire matkulturelle punkt, mellom anna må vi til Key West og smake på ekte Key Lime Pie! Har du fleire tips så blir eg glad for ein snap eller ein kommentar på Instagram med gode råd:)
Du finn meg som kvardagsmat både på Snapchat, Instagram og Facebook.
Ha ei fin-fin veke, uansett kvar i verda du er!
Mandag
Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke
Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke er ein nydeleg klassikar av ei suppe. Suppa har mild og rund smak av blomkål og salt og sprø topping. At suppa er klar på under… Fortsett å les »
Tysdag
Mild fiskesuppe med laks
Laks er ein slager på dei fleste middagsbord. Enkel og velsmakande fisk som det er lett å få kjøpt både fersk og frossen. Men er du litt lei av… Fortsett å les »
Onsdag
Risnudlar med peanøttsaus
Risnudlar med peanøttsaus er raskt å lage og smakar skikkeleg digg. Asiatiske smakar i ei herleg blanding, med litt futt i! Perfekt kosemat, og eit fint alternativ om du vil ete… Fortsett å les »
Torsdag
Steikt skrei med appelsinsaus
Steikt skrei med appelsinsaus er ein nydeleg ny og frisk måte å servere skrei på. Skreien er i sesong frå januar til april og er på sitt aller beste no,… Fortsett å les »
Fredag
Sunn Taco
Taco sunt sa du? Ja, klart det er det! Unngå dei ferdigkjøpte glasa med sukker og ingrediensar ein ikkje klarer å uttale. Lag guacamole av nesten berre avokado og nyt… Fortsett å les »
Laurdag
Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta
Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta er ein skikkeleg god pizza som gjerne går på repeat her! Salt fetaost, raud pesto med litt sting i og knasande pinjekjerner er… Fortsett å les »
Søndag
Hønsefrikassé
Hønsefrikassé er gløymt kvardagsmat som burde kome til sin rett igjen! Høne er billeg og godt kjøt som vi burde ete mykje meir av i staden for kylling. Eg betalte… Fortsett å les »
Noko godt
Granolabar
Granolabar er enkelt å lage heime og er perfekt å ha med i veska eller i sekken når du treng eit lite påfyll på vegen. Denne er søta med peanøttsmør,… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Bokhvetebrød med solsikkekjerner
Bokhvetebrød med solsikkekjerner er laga med bokhvete som hovudingrediens. Bokhvete er ikkje i slekt med kveitemjøl (hvetemel), sjølv om det kan høyrast slik ut på namnet, men er faktisk ei… Fortsett å les »
Vekas kake
Ostekake med bringebærlokk
Ostekake med bringebærlokk stod på kakebordet då vi inviterte til familieselskap for den ferske åtteåringen vår. Rett etter jul og nyttår er det merkeleg lite interesse for søte kaker og… Fortsett å les »
Vekas gjærbakst
Nigellas suppebollar
Nigellas suppebollar, eller «Soft White Dinner Rolls» om du vil, er som overskrifta seier bollar som passar til suppe. Suppe er jo so godt -men absolutt ikkje favoritt hjå alle… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.