Potetpizza
Potetpizza er det neste bidraget mitt i #oppskriftsutfordringen som går mellom oss matbloggarar. Denne gongen er det Ina bak Mat på bordet som har fått bestemme tema og ho har valt potet! Sist måned var det beter, og da laga eg jammen meg pizza då også!
Potetpizza har stått på lista å skulle lage lenge, og no var det på tide å få stryke denne av lista. Potetpizza er pizza utan den tradisjonelle raude tomatsausen, men med olivenolje, tynne potetskiver og salt på. Og så gjerne rosmarin på toppen då! Du kan lage pizzaen både med og utan ost på, alt etter dine preferansar.
Tynne potetskiver steikt på høg varme blir jo ei form for ovnsbakte poteter, og det smakar jo heilt fantastisk! Med ein sprø pizzabotn under blir dette rekna som pizzaen ein skal ete på dagtid, og den funkar veldig bra.
Denne gongen testa vi glutenfri pizzabotn som berre skal rørast samman og kjevlast ut mellom to bakepapir. Den funka bra, og er gull å kunne kjøpe med seg om ein ikkje har utval av glutenfritt mjøl i heimen. Tommel opp for enkle løysingar slik at alle kan ete;)
Men om du ikkje treng å ta slik omsyn kan du nytte denne oppskrifta, som er nydleg på smak og enkel å jobbe med.#OPPSKRIFTSUTFORDRINGEN -sjekk kva desse matbloggarane har laga: (Klikk på bileta for å kome til oppskrifta).
YUM! Blei du frista til å lage noko godt av potet du også? Sjekk ut #oppskriftsutfordringen på Instagram for alle rettane, her er det mykje godt!
Oppskrift på Potetpizza
- Pizzabotn
- 4-5 poteter
- 2-3 ss god olivenolje
- salt og peppar
- rosmarin
- 50 g valnøtter
- 50 g fetaost
Kjevle ut pizzabotnen på eit bakepapir og ringle over litt olivenolje.
Vask og del potetene i tynne skiver, gjerne ved hjelp av ein mandolin.
Hell resten av olivenoljen over potetskivene og bland godt.
Legg potetskivene uttover pizzapotnen og krydre godt med salt, peppar og frisk rosmarin.
Steik pizzaen på 230-250 grader, gjerne på eit steikebrett som har fått stå i omnen og varme seg opp. Pizzaen er ferdig når den er gyllen i kantane.
Smuldre over litt fetaost og hakka valnøtter før servering. Velbekomme!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.