Vekemeny 42

Vekemeny 42 betyr at haustferien er over for denne gong! I skrivande stund sit eg i Oslo, straks klar for å finne flytoget og suse heim til Sunnmøre. Ei fantastisk langhelg/mini-haustferie i storbyen er overstått, og både 7-åringnen og eg er strålande nøgde!

Å reise med berre ein kid, og når han attpåtil er sju år og stor gut er inga sak. Han blei dessuten særdeles blid då han fekk vite at vi skulle flyge i ein time i staden for eitt døgn. Eit år i Asia har lagt lista for flyturar ser det ut til;)

Festpynta bord i bryllaup

Festpynta bord i bryllaup

Fredag var dagen for bryllaupsfeiring, og feiringa var akkurat så magisk som eit bryllaup skal vere. Stor stas å få henge saman med jentene ein heil dag og natt, og både maten, talane og dansegolvet får terningkast seks. I tillegg har vi fått tid til å teste lunsjmenyen på Sentralen, handla på Ikea, fått vere med å kjøpe gullfiskar og oppgradert vintergarderoben. Etter å ha reist frå strålande sol og varme dagar på Sunnmøre blei det iskaldt å kome til skydekke, kald vind og vinter i lufta på austlandet -og ullkle måtte innkjøpast.

Det var ein liten smakebit frå veka vår, håper du også har hatt ei flott veke og at du er klar for å lage god mat på kjøkkenet den komande veka!

Følg meg gjerne på Instagram og Snapchat: kvardagsmat 🙂

Mandag

brokkolisalat

Brokkolisalat

Brokkolisalat er nydeleg sommarmat og funkar både som eigen rett eller som deilig tilbehør til sommarmat. Det er verken potetsalat, waldorfsalat eller pastasalat -men liksom noko midt i mellom alle… Fortsett å les »

Tysdag

quinoa

Ovnsbakt laks med krema spinat og quinoa

Enkel middag med laks som er lett å like og som har supert tilhøyr. Quinoa er nemleg kalla «superfrøet» fordi det innheld så mange næringsstoff. Spinat på toppen av det… Fortsett å les »

Onsdag

kvitvinsdampa blåskjell

Fiskesuppe med reker og blåskjell

Ein ting vi norske var rimeleg enige om at vi sakna i Asia var fisk og fiskemat. Eller for å vere meir korrekt; fisk laga på nordiske måtar. I Asia… Fortsett å les »

Torsdag

hjemmelagde fiskepinner med corn flakes

Heimelaga fiskepinnar

Fiskepinnar er enkelt og raskt å lage sjølv, og smakar så mykje bedre enn dei du finn i fryseboksen på butikken. Dette er mat som er stas å lage saman… Fortsett å les »

Fredag

tortilla pizza

Tortillapizza med tacokjøtt

Tortillapizza er ein av mine favorittar når eg har lyst på noko godt, men ikkje vil bruke tid på kjøkkenet. Her trengst det ingen heving, benken blir ikkje skitna til,… Fortsett å les »

Laurdag

Lammekjøttbollar i pita med tzatziki

Lammekjøtt er tilgjengeleg på alle butikkar her i KL, men får du ikkje tak i det på din lokale butikk i Norge kan du fint bruke vanleg storfekjøtt/kjøttdeig. Dette er… Fortsett å les »

Søndag

Chiligryte med søtpotet og linser

Chiligryte med søtpotet og linser

Chiligryte med søtpotet og linser er ein av mine favorittgryter å lage, og ei gryte som eg ofte lagar i ulike versjonar. Denne versjonen med søtpotet har blitt ein gjengangar… Fortsett å les »

Noko godt

Havrekjeks med sjokoladebitar

Dette er favorittkjeksa til eldstemann på fem og han har vore med på å lage dei sidan han var to år. Då kom nemleg oppskrifta for første gong på Trines… Fortsett å les »

Vekas brødmat

”Polarbrød” med havre og fullkorn

«Polarbrød» med havre og fullkorn er ein heimelaga variant av det populære flate brødet du finn i butikken. Heimelaga er jo best, utan tvil. Og når dei to brødrene får… Fortsett å les »

Vekas kake

ice cake

Mokkaiskake med sjokolade og marengs

Mokkaiskake med inspirasjon frå Vietnam sin nydelege iskaffe «Ca Phe Da» og Mat På Bordet si nydelege bringebæriskake. I begge to finn du nemleg søt kondensert mjølk som blir omtala som… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.