
Saftige lussekattar

Lucia nærmar seg, og det er tid for å bake lussekattar med ekstra gul farge.
I fjor laga vi lussekattar med safran for første gong med safrantrådar vi fekk kjøpt i Asia, medan det i år var safranpulver å finne på apoteket. Du kan fint bruke begge, trådane må du berre knuse til pulver i ein morter.
Etter å ha lese litt meir om safran har eg funne ut at dei i «lucia-landet» Sverige ofte tilset kesam i deiga for å få den saftig og god, sidan safran kan gjere deiga tørr. Som lest så gjort: deiga blei justert og resultatet blei saftig og god luciabakst.

Til ca 24 lussekattar treng du:
- 1 kg kveitemjøl (+ litt ekstra til utbaking)
- 5 dl H-mjølk (37 grader)
- 250 g kesam
- 150 g sukker
- 1 ts salt
- 1,5 ts kardemomme
- 1 ts vaniljesukker (ekte vanilje)
- 1 egg
- 1 pk tørrgjær
- 150 g smør i terningar
- 0,75-1 g safranpulver (kan sløyfast eller byttast med 1 ts gurkemeie)
Pynt:
- ein neve rosiner
- 1 egg til pensling

Slik gjer du:
- Varm opp mjølka og rør ut safranen, slik at du får ei oransjefarga mjølk.
- Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
- Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
- Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
- Del opp i passe emner og form lussekattar.
- Legg så mange rosiner du treng i ein kopp og fyll med lunka vatn. La rosinene stå og trekke medan lussekattane etterhever under eit klede (då blir dei ikkje så harde under steiking).
- La lussekattane etterheve i ca 20-30 min.
- Pensel med samanvispa egg, og pynt med rosinene.
- Steik i 15-17 min på 200 grader over- og undervarme til lussekattane er gylne. (Følg med, det tek kanskje kortare med din omn enn med min!)
- Avkjøl på rist.

TIPS: lussekattane kan frysast i plastposar etter at dei er avkjølte. La dei tine på benken og varm dei så på 150 grader varmluft i 3-5 min før servering. Treng du dei rett frå frysaren kan du varme dei på samme temperatur i 10-15 min.
PS: Om du har born som ikkje er så glade i safran og gul deig kan du fint nytte denne klassiske deiga og forme som lussekattar, utan at nokon arresterar deg av den grunn;)
PSS: Om du følgjer meg på snapchat fekk du kanskje med deg at eg sjekka safran-prisane på daglegvare og apotek, og fann ut at prisen på daglegvare var dobbel(!), og det har jo litt å seie når det er verdas dyraste krydder det er snakk om..! Følg meg gjerne for meir usminka matglede:)
Snapchat: kvardagsmat
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.