Indisk alt-i-eitt kyllingcurry
Denne oppskrifta fann eg inspirasjon til her, og det som gjorde meg mest interessert var det at ein kunne koke risen i samme gryte eller form som alt det andre. Mindre oppvask er jo alltid kjekt! Og meir tid til å gjere andre ting når gryta står i omnen og gjer jobben sjølv.
Indisk curry er populært og ein slager her i heimen hjå oss vaksne. Risblandinga i botnen får nydelege smakar med eple og rosiner og kidsa blir ekstra glade når mor bakar nanbrød, då kan dei gå med på å smake noko nytt den dagen.
Til 3-4 personar treng du:
- 1 kg kylling (eg brukte kyllingklubbar, men her kan du velje det du vil)
- 2 ss curry paste
- 1 løk
- 50 g rosiner
- 1 raudt eple
- 1 tomat
- 3 dl jasminris
- 2 dl kyllingkraft
- yoghurt naturell/gresk yoghurt
- frisk koriander
- heimelaga nanbrød
Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader.
- Bland kylling og curry paste godt, gjerne i ein brødpose.
- Skjær løk, tomat og eple i terningar.
- Brun kyllingen raskt i ei panne på alle sider. Legg til sides.
- Steik løken til den blir blank.
- Ha i ris (som du sjølvsagt har skylt i eit dørslag for å fjerne rusk og rask) og la den steike med i 2 min.
- Ha i rosiner, eple og tomat.
- Ha risblandinga ei ei gryte med lokk som toler steikeomn eller i ei form og dekk med aluminiumsfolie. Legg risblandinga nederst, kylling på toppen og hell over kyllingkrafta.
- Steik i 45-50 min midt i omnen til risen er ferdig.
- Server med frisk koriander på toppen og yoghurt til.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.