Kanel i svingane (Skillingsbolle)
Kanelbollar er aldri feil, og noko mine næraste aldri kan få nok av! Vi har stort sett laga kanelsnurrar sidan Schakenda si oppskrift kom i hus, men no var det på tide å lage dei gode gamle kanel-i-svingane som eg vaks opp med. Mmmm….! Eg kan kjenne lukta berre ved å sitte å skrive dette, det er verkeleg ei av dei beste luktene som finnast! Nysteikt gjærbakst med kanel og sukker -what’s not to like?;)
Til ca 24 bollar treng du:
- 1 kg kveitemjøl
- 5 dl H-mjølk (37 grader)
- 150 g sukker
- 1 ts salt
- 1 ts kardemomme
- 1 egg
- 1 pk tørrgjær
- 150 g smør i terningar
Fyll:
- Smør
- Kanel
- Sukker
Pynt:
- 1 egg
- Perlesukker
Slik gjer du:
- Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
- Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
- Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
- Kjevle deiga til eit stort rektangel. Smør den og strø over kanel og sukker.
- Rull saman til ei lang pølse og del opp i 1 cm tjukke skiver med ein skarp kniv.
- Legg på bakepapirkledd steikebrett eller legg ein og ein i kvar sin muffinsform. Brett muffinsformen litt uttover i tilfelle.
- La etterheve medan omnen varmar seg opp.
- Set steikeomnen på 180-200 grader. Pensle med egg og strø eventuelt perlesukker på. Steik i 15-17 min.
- Avkjøl på rist.
Kanelbollane eignar seg godt for frysing. Tin dei og varm dei 2-3 minutt på 150 grader -nesten som nysteikt!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.