Horn

fine horn

Mjuke gode horn er nydelege rett frå steikeomnen eller delt i to med pålegg på. Litt ekstra stas å ha i matpakken og fin variasjon frå det daglege kvardagsbrødet.

Horn

Til 16 stk treng du:

  • 4 dl lunka mjølk
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 1/2 ts salt
  • 1 ss smelta smør
  • ca 600 g (1 liter) kveitemjøl
  • 1 egg til pensling (kan sløyfast)

 

horn

Slik gjer du:

  1. Smelt smøret og varm mjølka til det er fingervarmt. Ha det i bakebollen.
  2. Tilset det tørre, hald tilbake litt av kveitemjølet, og elt i kjøkkenmaskin i ca ti min. Juster mjølmengda mot slutten om det trengst.
  3. Dekk med plast eller lokk og hev til dobbel storleik eller så lenge du har tid.
  4. Del deiga i to og kjevle ut to runde leiver.
  5. Del i åtte «pizzastykker» og rull dei saman frå ytterst mot innerst.
  6. Legg på bakepapirkledd steikebrett.
  7. La etterheve i ca 30 min.
  8. Pensle med samanvispa egg og steik midt i omnen på 225 grader, over og undervarme, i 15-20 min.
  9. Avkjøl på rist.
gjærbakst

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.