Ovnsbakte grønsaker til grillmat
Ofte blir det salat og potetsalat som får slå følgje med grillmaten, men det er kjekt å kunne variere litt. Her får du eit veldig godt alternativ som lagar seg sjølv i steikeomnen medan du står ute og grillar. Sødmen frå dei ovnsbakte rødbetane er knallgod saman med dei andre rotgrønsakene, dei anbefalast å legge i handlekorga neste gong du er på butikken!
Til 3-4 personar treng du:
- 2 sjalottløk
- 2-3 runde rødbetar eller 1 lang
- 4-5 nypoteter/amadine poteter
- 1 gulrot
- 2-3 ss olivenolje
- salt og peppar
- timian
Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader over og undervarme.
- Skrell rødbetane og gulrota og del i terningar.
- Vask potetene godt og del dei òg i terningar.
- Skrell løken og del den i båtar.
- Ha alt i ei eldfast form med olivenolje i botnen.
- Strø over timian, salt og peppar.
- Set forma inn i omnen og la den steike i ca 30 min til grønsakene er møre. Bruk ei sleiv el.l. og rør gjerne i dei 2-3 gongar i løpet av steiketida.
- Klar til servering:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.