Tacosuppe

Tacosuppe

Eit alternativ til den tradisjonelle Tacoen, eller ein fin måte å bruke opp restar dagen derpå. Suppe er super middagsmat, og med tacosmak bør det vere lettare å få barn og unge til å ville ete det også:)

Til 3-4 personar treng du:

  • 400 g kjøttdeig/karbonadedeig
  • 1-2 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 raud paprika
  • 3-4 ss maiskorn
  • 1 boks hakka tomat (eller 3-4 ferske tomatar)
  • 2 ss tomatpuré
  • 1-2 ss tacokrydder
  • 7-8 dl vatn
  • Nøytral olje til steiking (eg brukte kokosolje)
tacokrydder

Slik gjer du:

  1. Del løk, kvitløk og paprika i terningar.
  2. Leit fram gryta du skal lage suppa i og fres løk og kvitløk i litt nøytral olje, til løken blir blank.
  3. Ha i kjøttdeig/karbonadedeig og hakk den opp i mindre bitar.
  4. Ha over tacokrydderet og bland godt inn.
  5. Tilset tomatpuré, hakka tomat og vatn.
  6. Kok opp.
  7. Ha i paprika og mais og la småkoke i 10-15 min. Spe eventuelt med meir vatn, om det blir for «tørt».
  8. Server gjerne med nachos, ein rømmeklatt og litt reven ost.
suppe med tacosmak

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.