Kvardagsbrød
Det er ikkje alltid vi har tid til å vente på eit eltefritt brød, men treng brød til kvelds. Då lagar vi denne versjonen, som gir tre kvardagsbrød, der to gjerne hamnar i frysaren til seinare bruk.
Ein litt anna versjon er publisert som valnøttrundstykker, og du kan sjølvsagt lage rundstykker av deiga i staden for brød.
Til 3 brød (1,5 liters former) treng du:
- ½ pk tørrgjær
- 12 dl lunka vatn
- 1 ss salt
- 1 ss sukker
- ½ dl lys sirup
- 3 ss rapsolje
- 300 g sammale kveite, grov
- 300 g sammale rug, fin
- 200 g havregryn
- ca 1000 g kveitemjøl
Slik gjer du
- Bland alle ingrediensane og elt i maskin i ca 10 min. (Ha gjerne vatnet i bollen først, for å unngå at det legg seg restar på botnen som ikkje blir blanda med.)
- Dekk med plast (bruk gjerne ei eingongs badehette) og la heve til dobbel storleik.
- Del opp i tre like delar, og legg kvar del i ei bakepapirkledd brødform. Trykk den jamnt uttover og legg plast laust over.
- La etterheve i 20-30 min.
- Pensle med vatn og strø over litt havregryn.
- Steik på nederste rille på 200 grader (over- og undervarme) i ca 50 min.
- Brøda er ferdig viss du kan høyre ein hol lyd når du bankar på det frå undersida.
- Avkjøl på rist.
Legg brøda du får til overs i brødpose/frysepose og i frysaren. La tine på benken over natta. Og tilslutt eit bilete av utsikta utan brød, Sunnmøre på sitt beste:
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.