Mild fiskesuppe med torsk

mild fiskesuppe med torsk

Her får du ein ny variant av den populære mild fiskesuppe med laks. Smakfull og fin måte å få i familien fisk på. Prøv du óg:)

Du treng

  • 3 gulrøtter i skiver
  • 1/2 purre i skiver/ringar
  • 1 raud paprika i bitar
  • 3 fedd kvitløk, pressa/hakka
  • 1 ss smør
  • 4 dl vatn
  • 1 fiskebuljongterning
  • 3 dl matfløte
  • 300-400g hakka tomat på boks
  • 400-600 g torskefilet i terningar
  • 100 g reinsa reker
  • salt og peppar
  • basilikum (eller andre urter)

fiskesuppe torsk

Slik gjer du:

  1. Skjær opp grønsakene slik at alt er klart.
  2. Surr gulrøtter, purre og kvitløk i nokre minutt på middels varme med litt smør.
  3. Ha i paprikaen og hell over matfløte, vatn og hakka tomat. La det koke opp.
  4. Ha i fisken og rekene og la dei trekke til fisken er ferdig, det går maks fem minutt.
  5. Smak til med salt, peppar og urter.
  6. Server med fullkornpasta/ris og gjerne godt brød til.

Velbekomme:)

fiskesuppe barn

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.