Vaniljesnurr

vaniljesnurr

Ein enklare variant av den flotte prinsessekaka. Like god på smak, men lettare å ta med på tur eller tine frå frysaren. Her får du kanelsnurr med ”det lisje ekstra”. Set deiga og nyt nydeleg gjærbakst om nokre timar.

Du treng:

Bolledeig:

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl lunka H-mjølk
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar

Fyll

  • Sukker
  • Kanel
  • Vaniljekrem

Vaniljekrem

  • 5 eggeplommer
  • 4 ss sukker
  • 2,5 dl mjølk
  • 3 ts maizena
  • 1 ts vaniljesukker

Topping

  • Mandelskiver
vaniljesnurr

Slik gjer du:

Bolledeig:

  1. Ha alle ingrediensane til bolledeiga, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  2. Ha i smøret og elt vidare i ca 10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar. I mellomtida lagar du vaniljekremen (sjå under).
  4. Kjevle deiga til eit stort rektangel. Smør den med vaniljekrem og strø over kanel og sukker.
  5. Brett deiga ein gong og del opp i 1-2 cm tjukke strimlar.
  6. Tvinn strimlane og legg på bakepapirkledd steikebrett. Dekk med plast og la etterheve medan omnen varmar seg opp. (Sjå bilete her).
  7. Set steikeomnen på 180 grader. Pensle med egg og steik i 15-20 min, til snurrane er gylne.

 

Vaniljekrem:

  1. Ha alle ingrediensane i ei kasserolle.
  2. Visp kraftig til det kokar opp.
  3. Avkjøl.
kanelsnurr

 

Bolledeiga er laga etter Schakenda si oppskrift.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.