Vaniljesnurr
Ein enklare variant av den flotte prinsessekaka. Like god på smak, men lettare å ta med på tur eller tine frå frysaren. Her får du kanelsnurr med ”det lisje ekstra”. Set deiga og nyt nydeleg gjærbakst om nokre timar.
Du treng:
Bolledeig:
- 1 kg kveitemjøl
- 5 dl lunka H-mjølk
- 150 g sukker
- 1 ts salt
- 1 ts kardemomme
- 1 egg
- 1 pk tørrgjær
- 150 g smør i terningar
Fyll
- Sukker
- Kanel
- Vaniljekrem
Vaniljekrem
- 5 eggeplommer
- 4 ss sukker
- 2,5 dl mjølk
- 3 ts maizena
- 1 ts vaniljesukker
Topping
- Mandelskiver
Slik gjer du:
Bolledeig:
- Ha alle ingrediensane til bolledeiga, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
- Ha i smøret og elt vidare i ca 10 min.
- Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar. I mellomtida lagar du vaniljekremen (sjå under).
- Kjevle deiga til eit stort rektangel. Smør den med vaniljekrem og strø over kanel og sukker.
- Brett deiga ein gong og del opp i 1-2 cm tjukke strimlar.
- Tvinn strimlane og legg på bakepapirkledd steikebrett. Dekk med plast og la etterheve medan omnen varmar seg opp. (Sjå bilete her).
- Set steikeomnen på 180 grader. Pensle med egg og steik i 15-20 min, til snurrane er gylne.
Vaniljekrem:
- Ha alle ingrediensane i ei kasserolle.
- Visp kraftig til det kokar opp.
- Avkjøl.
Bolledeiga er laga etter Schakenda si oppskrift.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.