![](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/03/13mar5-e1502132397178-1000x620.jpg)
Torsk med spekeskinke og byggotto
![torsk](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/03/13mar5.jpg?w=800)
Eg har lenge skulle ha laga byggotto, sidan bygg er eit av dei mest næringsrike kornslaga vi har, og sidan risotto er så digg. Det var berre dette å hugse å legge byggkorna i bløyt natta over… Men det hugsar du lett og dermed kan du by på ein herleg torskemiddag på ein heilt vanleg kvardag!
Til 3-4 personar treng du:
Torsk:
- ca 400 g torsk
- 4 skiver spekeskinke
- 3-4 ss hakka soltørka tomat i olje
- 4 ts smør
- salt og peppar
Byggotto:
- 1 dl (tørr) bygg (blautlagt over natta)
- 1-2 sjalottløk
- 1-2 fedd kvitløk
- 1 ss olivenolje
- 1 dl eplejuice
- 3-4 dl vatn + grønsakbuljong
- ein neve reven parmesan
- 1-2 ts smør
Squash-råkost:
- ½ squash
- 1 ts olivenolje
- 1 ts sitronsaft
- salt og peppar
![byggotto](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/03/13mar4.jpg?w=800)
Slik gjer du:
Torsk:
- Set omnen på 160 grader.
- Ha litt olje i ei eldfast form og legg fiskestykka i den.
- Krydre fisken med salt og peppar.
- Legg 1 ts smør, 1 spekeskinke og 1 ss hakka tomatane på kvart stykke.
- Steik fisken til den flakar seg, dette tek ca 20 min.
Byggotto:
- Finhakk sjalottløk og kvitløk.
- Ha løk og bygg i ei kasserolle og fres i oljen til løken blir blank.
- Hell over eplejuicen og la koke inn. Rør med jamne mellomrom.
- Kok opp vatnet og løys opp buljongen slik at du har det klart ved sidan av.
- Ha i ei ause av det varme vatnet og la det koke nesten heilt inn før du har i neste.
- Fortsett slik til byggryna er blitt møre, det tek ca 15-20 min.
- Trekk kasserolla av varmen og ha i parmesan og smørklatten, men ikkje rør det inn.
- Legg på eit lokk og la smør og ost smelte inn i 3-4 minutt.
- Rør rundt og byggottoen er klar til servering.
- Riv squashen på eit rivjern og bland med olje, sitronsaft, salt og peppar. Server gjerne ei sitronskive til. Velbekomme!
![byggrisotto](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/03/13mar3.jpg?w=800)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.