Søndags-scones
Manglar du brød? Då er scones redninga for å få til ein god frukost. Kna raskt saman deiga og steik dei med det same. Når du er ferdig på badet eller har dekka på bordet er dei klare:)
Du treng:
- 2,5dl kveitemjøl
- 2dl havregryn
- 1dl 4-kornblanding
- 3/4ts hornsalt
- 3ts bakepulver
- 1/4ts salt
- 2dl cultura
- 2ss olivenolje
Slik gjer du:
- Bland alt og kna saman med henda.
- Form fire rundstykker og trykk dei flate, ca 1cm høge. Skjær eit kryss i dei.
- Steik på 225 grader i ca 15 min.
Klar til servering!
Ein litt annleis versjon av scones finn du her.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.