Eltefritt brød med sammalt kveite

Eltefritt brød med sammalt kveite laga eg på Instastory for nokre dagar sidan, og fekk vanvittig med tilbakemeldingar frå dykk. Kunne det verkeleg vere så enkelt å lage eit brød ein fredagskveld? Og ja, det kan det. Du treng ikkje meir enn to minutt på å setje deiga, så står den i fred på kjøkkenbenken over natta. Morgonen etter steiker du brødet og kan nyte sprø skorpe og nydeleg heimebakt brød.

eltefritt brød med sammalt kveite

Eltefritt brød med sammalt kveite

Har du ikkje gryte du kan steike brødet i? Det gjer ingenting. Den same deiga kan brukast til rundstykker. 10-12 små klumpar med deig på eit bakepapirkledd steikebrett er alt som skal til. Då halverer du steiketida, og frukosten kan nytast endå raskare. Rundstykker toler å bli delt i rett etter at dei er ferdigsteikte, i motsetning til brødet som lett kan blir rått av same behandling.

Moglegheitene er der altså, anten du har ei gryte eller ikkje. Nybakt brød eller rundstykker til familien er ikkje langt unna! Her får du oppskrifta frå Instastory, heilt utan frø og kjerner. Slik borna mine helst vil ha det servert.

eltefritt brød med sammalt kveite

Oppskrift på Eltefritt brød med sammalt kveite

1 brød / 6-8 porsjon / Tid: 10 t

  • 150 g grov sammalt kveite
  • 450 g kveitemjøl
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 4 dl kaldt/lunka vatn
  1. Set bakebollen på ei kjøkkenvekt og mål opp mjølet direkte i bakebollen. Tilset resten av ingrediensane og rør samn til alt har blitt blanda. Du treng ikkje elte, men alt bør vere blanda inn.

  2. Dekk til bakebollen med lokk og la den stå på kjøkkenbenken over natta, eller 8-12 t.

  3. Ta av lokket og bruk ein slikkepott til å skrape saman deiga og brette den litt over kvarandre. Samle den i midten av bakebollen og legg på lokket igjen medan omnen varmar seg opp.

  4. Set ei gryte med lokk inn i steikeomnen og skru på 250 grader over- og undervarme.

  5. Ta ut gryta for å ha deiga i. Bruk gode gryteklutar, her er det lett å brenne seg.

  6. Strø litt mjøl i botnen av gryta og skrap deiga over i gryta. Rist litt på gryta slik at deiga fordeler det utover. Hugs gryteklutar! Strø litt mjøl på toppen og set så lokket på gryta.

  7. Set gryta inn i omnen og steik i 15 minutt.

  8. Ta av lokket, skru ned til 230 grader og steik i 30 minutt til.

  9. Ta brødet ut av gryta og la det avkjøle på rist. Vent 20-30 minutt før du deler i det med kniv, for å unngå at det blir rått.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.