Eltefritt kvardagsbrød

Eltefritt kvardagsbrød blei kåra til verdas beste brød då det kom på bordet tidlegare i år. Sprø skorpe og ingen frø eller kjerner er suksessoppskrifta for å gjere skuleguten fornøgd. At brødet hadde form som eit «butikkbrød» var også avgjerande. Her i heimen er avlange brød definitivt meir populære enn grytebrød.

eltefritt rugbrød

Eltefritt kvardagsbrød

For å lage dette brødet har eg nytta ei avlang hevekorg. Eg fann denne typen på Clas Ohlson, og diggar at den er avlang og ikkje rund. Det blir fin form på brødet, og stilig rilla mønster. Har du ikkje hevekorg kan du sjølvsagt bake brød utan, anten ved å forme brødet rett på bakepapiret eller bruke ei form.

eltefritt kvardagsbrød

Forma du brukar kan anten vere ei vanleg brødform eller ei gryte med lokk. Brukar du gryte og steiker dei første minutta med lokk treng du ikkje helle vatn inn i steikeomnen. Då vil nemleg vatnet som fordampar frå brødet bli verande inn under lokket og gi sprø skorpe. Den samme effekten som du er ute etter når du følgjer oppskrifta under og tømer vatn i botnen av steikeomnen der altså.

 

 

Oppskrift på Eltefritt kvardagsbrød

1 brød porsjon / Tid: 12-14t

  • 300 g sikta rugmjøl
  • 500 g kveitemjøl + litt ekstra
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ss honning
  • 1 ts salt
  • 6 dl vatn
  1. Rør saman alt til det heng nokolunde saman. Det treng ikkje vere heilt jamt. Dekk med lokk og la heve på benken i 12 t.

  2. Strø mjøl på benken og skrap deiga ut av bollen. Dra deiga først frå deg og brett over, og så mot deg og brett over. Gjer dette nokre gongar til du har fått ei stabil og luftig deig. Form eit brød på eit bakepapir eller legg deiga over i ei godt mjøla hevekorg, med skøyten opp. Dekk med eit klede og la etterheve på benken i 30 minutt.

  3. Set omnen på 250 grader og set eit steikebrett inn slik at det blir varmt.

  4. Snu hevekorga opp ned på eit bakepapir og dra bakepapiret over på det varme steikebrettet. Bruk ein skarp kniv og lag eit snitt på toppen av brødet.

  5. Set brettet på nederste rille i omnen og hell inn 1 dl vatn i botnen av steikebrettet og lukk omnsdøra raskt.

  6. Skru ned temperaturen til 220 grader og steik brødet i 45 minutt. Bank på brødet og hør om det er ein hol lyd, då veit du at brødet er ferdigsteikt.

  7. Avkjøl brødet på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.