Bokhvetebrød med solsikkekjerner

Bokhvetebrød med solsikkekjerner er laga med bokhvete som hovudingrediens. Bokhvete er ikkje i slekt med kveitemjøl (hvetemel), sjølv om det kan høyrast slik ut på namnet, men er faktisk ei nøtt. Bokhvete er lett fordøyeleg og naturleg glutenfritt med gode bakeeigenskapar og difor fint å bruke i brødbakst. Dette brødet har i tillegg god smak av solsikkekjerner, som gir deilig tyggemotstand.

bokhvetebrød med solsikkekjerner
Når ein bakar utan gluten må ein ha noko anna som kan vere med på å binde saman, og her er det psyllium/fiberhusk/loppefrøskall kjem inn i biletet. Dette finnast no på dei fleste daglegvarebutikkar, i hylla med allergivarer. Finn du det ikkje der er det i allefall å oppdrive på helsekostbutikkar. Og finn du det ikkje må du finne ei ny oppskrift, for dette er heilt naudsynt å ha med;) Bokhvete finn du i større matvarebutikkar og på helsekost.

glutenfritt brødBokhvetebrød med solsikkekjerner smakar nydeleg når det er nybakt, men kan også fint frysast. Då er det ein fordel å fryse det i skiver, og så gi det ein rask omgong i brødristaren før du skal ete det. Med godt pålegg på toppen er dette fin frukost, lunsj eller kveldsmat ein heilt vanleg kvardag.

bokhvete brød

Oppskrift på Bokhvetebrød med solsikkekjerner

1 brød porsjon / Tid: 3,5 t

  • 6 dl kaldt vatn
  • 1 ts tørrgjær
  • 100 g solsikkekjerner + ekstra til pynt
  • 50 g linfrø
  • 2 ss lys sirup
  • 1 ts salt
  • 200 g bokhvetemjøl
  • 50 g rismjøl
  • 2 ss psyllium/fiberhusk/loppefrøskall
  1. Rør saman alle ingrediensane og hell røra over i ei brødform som er kledd med bakepapir. Fukt med litt vatn på toppen og strø over litt solsikkekjerner.

  2. Dekk til og la brødet heve i 2 timar, under eit klede.

  3. Steik brødet på nederste rille i omnen på 175 grader over-og undervarme i 1 time og 15 minutt.

  4. Avkjøl brødet på rist i minst 20 minutt før du smakar på det.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.