Sponsa

Kanelgiflar

kanel giflar

Kanelgiflar kjenner du kanskje best frå butikken, der dei selgast i små posar og ofte ligg saman med brødvarene. Men heimelage er jo alltid best, så dermed er det berre å setje deiga og trille ut nydeleg god gjærbakst med kanel og sukker.

Kanelgiflane har same grunndeig som dei alltid gode kanelsnurrane men har kokosblomstsukker (eller palmesukker/kokossukker) i staden for kvitt sukker i seg. Kokostblomstsukkeret har meir karamellsmak og gjer at giflane blir akkurat så klissete og søte som dei skal vere.

Har du ikkje kokostblomstsukker kan du sjølvsagt nytte kvitt sukker i staden, eller gjerne ei blanding av kvitt og brunt sukker. På toppen pyntar du med perlesukker, anten du har heilt kvit type kjøpt i utlandet eller den norske halvgjennomsiktige typen. Mitt medkjøpte perlesukker frå Kuala Lumpur er snart oppbrukt, så eg har lagt inn bestilling av svensk perlesukker frå ei kjekk tante. Er det ikkje på tide at vi får tak i dette i Norge snart?

kanelsnurr

Du treng:

  • 900 g Helios økologisk hvetemel + litt ekstra til utbaking
  • 5 dl H-mjølk (37 grader)
  • 150 g Helios økologisk kokosblomstsukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts Helios økologisk kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar

Fyll:

  • 4-5 ss mjukt smør
  • 2 ss Helios økologisk Ceylon kanel
  • 4-5 ss Helios økologisk kokosblomstsukker

Topping:

  • Samanvispa egg
  • Perlesukker
kanelgiflar kanelboller kanelgifler gjærbakst

Slik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  3. Dekk med lokk og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  4. Kjevle deiga til eit stort rektangel.
  5. Smør den og strø over kanel og sukker.
  6. Rull saman og del opp i 5 cm tjukke strimlar (lagar du dei for smale vil dei velte).
  7. Sett på bakepapirkledd steikebrett, legg eit reint kjøkkenhåndkle over, og la etterheve i ca 30 min.
  8. Set steikeomnen på 180 grader.
  9. Pensle med egg og strø perlesukker på.
  10. Steik i 15-17 min.
  11. Avkjøl på rist.
schakenda bakst

Pakk kanelgiflane du får til overs i plastposar og legg i frysaren. Tin dei på kjøkkenbenken og la dei få ca 5 min på 150 grader varmluft før servering. Nesten som nybakt igjen!

te kos

stjerne Dette blogginnlegget er skrive i samarbeid med Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.