Krema fiskesuppe med sei

nydelig fiske suppe Eg kjøpte fersk sei i fiskedisken i går og fekk plutseleg lyst på fiskesuppe. Deilig krema fiskesuppe med kremfløyte og eggeplomme saman med haustens grønsaker. Og fiskesuppe er verkeleg noko som fint kan lagast på en kvardag! Det som tek lengst tid er at grønsakene skal bli møre, og i små terningar er det berre snakk om ti minutt. Sjølve fisken treng ikkje meir enn 2-3 minutt i den varme suppa før den flakar seg og er perfekt. Nydeleg luksusmiddag på ein halvtime!

verdens beste fiskesuppe

Til ca 4 porsjonar treng du:

  • 2 ss nøytral olje (raps/solsikke/kokos)
  • 1 løk
  • 3 gulrot
  • 1 pastinakk
  • 1/4 sellerirot
  • 1 dl kvitvin
  • ca 8 dl kraft (eller vatn + fiskebuljong/grønsaksbuljong)
  • 1 dl kremfløyte
  • 2 eggeplommer
  • 400-500 g sei
  • 2 dl frosne erter
  • 2 vårløk
  • salt og peppar

fiskesuppe med seiSlik gjer du:

  1. Del løk, gulrot, pastinakk og sellerirot i terningar.
  2. Fres løken i oljen til den blir blank.
  3. Ha i gulrot, pastinakk og sellerirot og hell over kvitvin.
  4. La kvitvinen koke nesten heilt inn.
  5. Ha i krafta og kok opp.
  6. La småkoke i 7-10 min, til grønsakene er møre.
  7. Del fisken i terningar på 2 x 2 cm og ha dei i saman med vårløk og erter.
  8. La suppa trekke på svak varme i 2-3 min til fisken er nesten ferdig.
  9. Visp saman eggeplommer og kremfløyte og ha dette i suppa.
  10. Smak til med salt og peppar og servér med det samme, gjerne med flatbrød til.
krema fiskesuppe med sei

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.