Pavlova i langpanne

verdens beste pavlova

Pavlova er kanskje mi absolutte favorittkake. Marengs, krem og friske bær er jo godt kvar for seg, men absolutt best saman. Eg diggar at botnen kan lagast klar lang tid i førevegen og dermed gir mindre oppvask den dagen kaka skal serverast.

Eg har tidlegare publisert rund pavlova, men i desse mai-tider der ein gjerne skal ta med ei kake til eit eller anna festleg lag passar det godt med langpanneversjonen. Alt foregår på same måten, einaste skilnaden er at du aukar mengda litt og lagar ei rektangelkake i staden for ein rund versjon. Smaken er like god!

Eg brukte sitronsaft i denne versjonen i staden for balsamicoeddik, der kan du velje det du vil eller har. Syra er med for å gjere botnen seig inni -med andre ord viktig for å få den perfekte botnen, så få den med.

pavlova 17.mai

Til ei langpanne treng du:

Botn:

  • 8 eggekviter (plommene kan du jo lage is av)
  • 350 g sukker
  • 1 ts sitronsaft (eller vineddik)
  • 3 ss maizenna

Topping:

  • 5-6 dl kremfløyte
  • 1 ss sukker
  • ca 400 g jordbær
  • 150-200 g blåbær
  • 150-200 g bjørnebær
  • 1-2 ss melis
pavlova i langpanne

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 120 grader over- og undervarme og kle eit steikebrett med bakepapir.
  2. Pisk eggekvitene på middels hastigheit med halvparten av sukkeret. Når det byrjar å skumme aukar du hastigheita og har i resten av sukkeret litt etter litt. Pisk heilt til du har tjukk, blank marengs.
  3. Sikt i maizenna, ha i sitronsafta og vend begge deler forsiktig inn til alt er blanda.
  4. Ha marengsen over på steikebrettet og form eit rektangel, men la det vere 3-5 cm igjen ut til kanten av brettet. Lag rektangelet som eit reir, med plass til fyllet/pynten i midten. Tilslutt brukar du slikkepotten og går rundt heile kaka og dreg frå botnen og opp slik at du får ein fin kant (sjå bilete av ferdig kake).
  5. Steik i ca 1,5 time. Følg med om du må legge eit bakepapir over på slutten eller senke temperaturen for at botnen ikkje skal bli brent. Skru av omnen og la botnen overnatte i steikeomnen, eller stå der til den er heilt avkjølt.
langpanne pavlova

Montering:

  1. Pisk kremfløyte saman med sukker til du har ein tjukk fin krem (ikkje pisk for lenge, flat krem er ikkje like godt og fint!).
  2. Ha kremen utover kaka.
  3. Topp med jordbær, bjørnebær og blåbær og sikt melis over.
  4. Server med ein gong! Og ja, det er klart at du kan servere rett frå langpanna:)
pavlova

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.