Schakenda kanelsnurrar

schakenda

Schakenda kanelsnurrar er ein stor favoritt her i huset, og har danka ut kanel-i-svingane som eg vaks opp med. Brukar du metoden han har lært oss er du garantert fantastiske bollar!

Du treng:

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl H-mjølk (37 grader)
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar

Fyll:

  • Smør
  • Kanel
  • Sukker
kanelsnurr

Slik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  4. Kjevle deiga til eit stort rektangel. Smør den og strø over kanel og sukker.
  5. Brett deiga ein gong og del opp i 1-2 cm tjukke strimlar.
  6. Tvinn strimlane og snurr/knyt dei før du legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett. (Eg får ofte hjelp av to ivrige smågutar, og dei raraste snurrane blir til dei flottaste bollane når dei er ferdigsteikte).
  7. Dekk med plast og la etterheve medan omnen varmar seg opp.
  8. Set steikeomnen på 180 grader. Pensle med egg og strø eventuelt perlesukker på. Steik i 15-17 min.
  9. Avkjøl på rist.
schakenda kanelsnurrar

Dei kanelsnurrane som blir til overs kan du pakke i brødposar og legge i frysaren. Ta med ein pose i sekken på veg til fjells eller la dei tine på benken før du varmar dei nokre minutt på 150 grader varmluft. Nydelege!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.