
Lasagne med grønsaker

Denne lasagnen har både tomatsaus og ostesaus, og eg kan nesten garantere at dei du serverar den til ikkje vil leggje merke til at den manglar kjøt i seg. Ein nydeleg omnsrett full av næringsfulle og vitaminrike grønsaker, med ei god mettheitskjensle etterpå! Prøv då vel:)
Til 5-6 personar treng du:
Tomatsaus:
- 1 løk
- 2-3 fedd kvitløk
- 1 squash
- 1 paprika
- ½ sellerirot
- 2 selleristang
- 2 gulrot
- 2 boksar hakka tomat
- 1-2 ss tomatpuré
- 1 pakke (ca 250 g) raude linser
- 1 ts basilikum
- 1 ts oregano
- salt og peppar
Ostesaus:
- 2 ss smør
- 2-3 ss kveitemjøl
- 4-5 dl mjølk
- ein neve riven ost
- 1 klype malt muskatnøtt
- 6-8 lasagneplater
- Riven ost på toppen

Slik gjer du:
Tomatsausen:
- Skjær alle grønsakene i terningar, finhakk kvitløken.
- Fres grønsakene på middels varme i litt nøytral olje (solsikke/raps) i nokre minutt.
- Ha over hakka tomat og tomatpurè. Kok opp.
- Skyll av linsene i eit dørslag. Ha dei i sausen.
- Smak til med krydder og la småkoke medan du lagar ostesausen.


Ostesausen:
- Smelt smøret og rør inn mjølet.
- Spe med mjølk og rør kraftig mellom kvar gong, slik at du får ein jamn kvit saus.
- La småkoke nokre minutt.
- Smak til med muskat, salt og peppar.
- Rør inn ein neve ost.



Montering:
- Legg tomatsaus, lasagneplater og ostesaus lagvis i ei eldfast form. Start og avslutt med tomatsaus.
- Ha over riven ost.
- Steik i 35-40 min på 200 grader.
- Server med grøn salat og heimelaga baguette.

Følg meg gjerne på instagram og snapchat: kvardagsmat
🙂
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.