Bearnaise saus
Å lage bearnaise saus er slett ikkje vanskelg. Lag den over vassbad -då har du betre kontroll med varmen og unngår at sausen skil seg. Her gir eg deg steg for steg instruksjonar til ein nydeleg heimelaga saus:
Til bearnaise saus treng du:
- 1 sjalottløk
- 1 ts estragon
- 2 ss kvitvinseddik
- 2 ss vatn
- 150 gr smør
- 3 eggeplommer
- Salt og peppar
Slik gjer du:
Klarne smør:
Ha smøret i ei kasserolle og set det til smelting på lav-middels varme. Ikkje rør i det, men la det stå i ro slik at det deler seg i tre lag. Du er eigentleg ute etter laget i midten, men for enkelheitsskuld brukar vi både laget i midten og på toppen.
Medan smøret smeltar lagar du til løkblandinga.
Løkblanding:
- Finhakk løk og ha det i ei anna kasserolle saman med 1 ss smør.
- La det surre nokre få minutt til løken blir blank.
- Ha i estragon, kvitvinseddik og vatn.
- La dette koke inn til halve mengda.
Vassbad
- Ha eggeplommene i ei metall- eller glasskål som tåler varme.
- Fyll vatn i ei kasserolle som du kan setje skåla opp i. (Skåla skal ikkje vere i kontakt med vatnet.)
- Kok opp vatnet og ta deretter kasserolla bort frå varmen.
- Visp saman egga og bland inn løkblandinga. Set skåla over det varme vatnet og visp til det tjuknar.
- Hell i litt av smøret i ein tynn stråle medan du fortsett å vispe. (Hell forsiktig, slik at melkerestane på botnen ikkje blir med).
- Når smøret er vispa inn gjentek du til du har fått inn alt smøret.
- No er sausen klar til servering, men om du vil kan du presse den gjennom eit dørslag slik at du får ein saus utan løkbitar i. Strø i litt ny estragon, smak til med salt og peppar, og server!
Dersom sausen skil seg:
Blir det for varmt, ja det kan skje den beste, skil sausen seg. Då endar du opp med ei eggerøre-liknande masse og smøret flytande på toppen. Men det kan som regel fiksast!
- Ha ei ny eggeplomme og 1ss kvitvinseddik i ein bolle og visp saman.
- Ha 1 ss kaldt vatn i den skilde sausen.
- Set bollen over vassbad (med litt mindre varme, slik at du ikkje gjer samme feilen igjen) og visp til eggeplomma byrjar å tjukne.
- Ha gradvis inn den skilde sausen.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.