Byggrynsgraut
Etter å ha høyrt Berit Nordstrand sitt foredrag på NRK har planen vore å ete meir bygg. Denne veka har det både blitt byggotto og i dag får de byggrynsgraut servert. Nydeleg graut som er fin variasjon til den vanlege havregrynsgrauten som vi ofte et til frukost eller kvelds. Det einaste du må hugse er å legge gryna i blaut over natta, men det klarer du fint!
Til to personar treng du:
- 1 dl byggryn (leggast i blaut over natta)
- 5 dl mjølk
- 1 dl havregryn
- 1 neve hakka mandlar
- 4-5 tørka aprikos i bitar
- 1 neve rosiner
- 10 bringebær
- litt flytande honning
Slik gjer du:
- Hell av bløytevatnet og kok opp byggryna saman med mjølk.
- La grauten småkoke i ca 15 min.
- Ha i havregryna og la dei koke med i 5 min.
- Server grauten med mandlar, rosiner, aprikos, bringebær og litt honning på toppen.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.