Butterdeigpai med sopp og linser

Butterdeigpai med sopp og linser er haustmat for mørke kveldar. Oppskrifta blei til ved at vi laga gryte eine dagen, og så pimpa vi opp restane med å legge butterdeig på toppen og gratinere det. For ein genial idè!

butterdeigpai med sopp og linser   Butterdeigpai med sopp og linser

butterdeigpai med sopp og linser
Vi brukte glutenfri butterdeig, og den er forma noko annleis en standardplatene. Difor skar vi dei i tynne skiver og fordelte utover, i staden for å kjevle slik ein gjer med dei tynne platene. Begge deler funkar, bruk det du likar best. Vi hadde litt baconrestar, og klarte ikkje å la vere å ha dei i. Men vil du lage vegetarversjon skippar du berre denne.

butterdeig gryte

Oppskrift på Butterdeigpai med sopp og linser

4-6 porsjonar / Tid: 1 t

  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 dl ris
  • 2 dl grøne linser
  • ca 1 liter kraft
  • 50 g bacon
  • 150 g sjampinjong
  • 1-2 gulrot
  • 2 stenger stangselleri
  • 1 dl frosne erter
  • 1,5 dl fløyte
  • 1 ts timian
  • 1 ts rosmarin
  • salt og pepar
  • ca 250 g butterdeig
  1. Del bacon i terningar og fres til det byrjar å bli sprøtt.

  2. Tilset løk og sopp i bitar og steik til løken har blitt blank.

  3. Skyl linser og ris i eit dørslag og ha så over i gryta. Tilset finhakka kvitløk og halvparten av krafta.

  4. Kok opp og la småkoke, rør om innimellom. Tilset litt og litt kraft etterkvart som det trengst, 2 dl i gongen.

  5. Del gulrot og stangselleri i små bitar, og ha i gryta medan den kokar vidare.

  6. Krydre med timian, rosmarin, salt og pepar.

  7. Smak at linsene og risen er gjennomkokt, og tilset så erter og rør inn fløyte

  8. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  9. Del butterdeiga i 2 mm tynne skiver om du har glutenfri versjon som på biletet, eller kjevle den like tynn om du har vanleg butterdeig. Fordel over forma.

  10. Steik paien midt i omnen i ca 20 minutt, til butterdeiga er gyllen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.