Hjortegryte med gratinert potetmos

Hjortegryte med gratinert potetmos er ein vinnar å setje på bordet når det er gjestar i heimen. Med ein jeger i hus er dette kortreist mat som mettar mange. Det beste er at vi ofte lagar for mykje mat og kan gle oss til digg gryte dagen etter. Dette smakar berre betre når det blir varma opp igjen.

Hjortegryte med gratinert potetmos

Hjortegryte med gratinert potetmos

I tillegg til hjortekjøtet er soppen i gryta sjølvplukka i skogen. Har vi ikkje funne sopp sjølv brukar vi sopp frå butikken. Både sjampinjong, aromasopp eller butikk-kantarell funkar. Denne gongen var det traktkantarell vi hadde funne.

verdens beste gratinert potetmos
Til hjortegryta er det gratinert potetmos som er ein litt finare versjon av dei moste potetene. Når det er forma som små ballar til kvar gjest er det i tillegg lett å forsyne seg og fint å setje på bordet.

Hjortegryte med gratinert potetmos

Her finn du oppskrift på Hjortegryte med vanleg potetmos. Og om du er på Pinterest må du gjerne følge tavla med gode gryter for meir inspo. Håper gryta fell i smak, velbekomme!

Oppskrift på Hjortegryte med gratinert potetmos

4-6 porsjonar / Tid: 1 t

Hjortegryte

  • 600-700 g hjortekjøt
  • 150 g bacon
  • 2 løk
  • 2 ss nøytral olje
  • 1 ss smør
  • 4 gulrot
  • 2 poteter
  • 1 pastinakk
  • 2-3 dl traktkantarell/anna sopp
  • 100 g frosne erter
  • 5 skiver brunost
  • 1 ss raud saft
  • ca 5 dl kraft (el. vatn + buljong)
  • 2 dl matfløyte
  • 1 ss maizenna
  • Salt og pepar

Gratinert potetmos

  • 10-12 poteter
  • 1/2 sellerirot
  • 1 dl matfløyte
  • ca 2 dl H-mjølk
  • 2 ss smør
  • Salt og pepar
  • 1 dl riven ost
  1. Del kjøtet i bitar og fres i ei stor gryte i nøytral olje og litt smør. Gjer dette i fleire omgongar, og legg bitane så til side på ein tallerken. La bitane bli godt bruna slik at dei får best mogleg smak.

  2. Del løk i terningar og fres i gryta til løken blir blank. Ha så kjøtet tilbake i gryta, fyll på med kraft og kok opp. La kjøtet koke til det blir mørt, det kjem an på kva stykningsdel av hjorten du brukar. Dess mørare kjøt dess kortare koketid.

  3. Når det er 30 minutt igjen til gryta skal på bordet kan du fortsette. Skrell og del gulrot, pastinakk og potet i terningar. Del soppen i mindre bitar. Ha dette i gryta saman med ertene.

  4. Del baconet i terningar og sprøsteik. Ha det så over i gryta, og hell i baconfettet som kom frå steikinga også. Det gir nydeleg smak.

  5. Rør inn brunost og saft. Krydre med salt og pepar.

  6. Rør ut maizenna i matfløyta og hell den så i gryta. La gryta halde seg varm medan du tek den gratinerte potetmosen ut av omnen. Server med tyttebær til.

  7. Gratinert potetmos:
    Skrell og del poteter og sellerirot i terningar. Kok opp og la småkoke til alt er mørt, ca 20 min. Hell av kokevatnet og mos alt saman med smøret. Spe med fløyte og mjølk til passe kosistens. Smak til med salt og pepar. Form små ballar, fordel i ei eldfast form og strø riven ost over. Gratiner under grillelementet i steikeomnen i nokre få minutt, eller på 225 grader til potetmosen er gyllen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.