Rømmegraut
Rømmegraut er herleg tradisjonsmat som slett ikkje er vanskeleg å lage frå botnen. Ikkje treng du mange ingrediensar heller! Ein fin rett å servere både til kvardags og til fest.
Du treng:
- 6 dl (2 boksar) seterrømme (eller økologisk rømme frå Røros)
- 2,5 dl kveitemjøl
- 6-8 dl h-mjølk
- ½ ts salt
Tilbehør:
- kanel
- sukker
- rosiner
- flatbrød
- spekemat
Slik gjer du:
- Kok opp rømma, rør heile tida medan det kokar opp.
- La småkoke med lokket halvt på i 5-10 min.
- Sikt i halvparten av mjølet og rør til smøret piplar fram.
- Hell eller aus av smøret, slik at du har til å servere som tilbehør.
- Sikt i resten av mjølet og rør det inn.
- Spe med litt og litt mjølk, rør kraftig mellom kvar gong slik at du unngår klumpar.
- Ha i salt og la småkoke i 5-10 min for å få vekk all mjølsmak.
- Server med smør, sukker, kanel og rosiner.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.