Fiskegrateng med spinat og parmesan
Fiskegrateng med spinat og parmesan er ein grøn vri på den tradisjonelle fiskegratengen. Spinat er jo grønt og sunt utan å smake så veldig mykje, og dermed perfekt å blande inn i denne middagsretten.
Fiskegrateng går fint å lage ein heilt vanleg kvardag, det tek ikkje lange tida, men det er enda meir genialt å lage klar kvelden før og så berre steike når familien kjem heim frå jobb, barnehage og skule. Eg lagar gjerne ein stor porsjon når eg først er i gong, og så et vi fiskegrateng to dagar på rad;)
Fiskegrateng med spinat og parmesan til 4 personar:
- 400 g torsk
- 200 g frossen spinat
- 100 g makaroni fullkorn
- 2 vårløk
- 2 ss smør
- 2-3 ss kveitemjøl
- 4-5 dl mjølk
- 50 g parmesan
- 3 egg
- 3 knekkebrød
- 1 klype muskat
- salt og peppar
Slik gjer du:
- Kok opp lettsalta vatn. La torsken trekke 3-4 min til den flakar seg. Smuldre den i mindre bitar og ha den i ein bolle.
- Lag kvit saus ved å smelte smør og røre inn kveitemjølet. Spe med mjølka litt og litt, la det koke opp mellom kvar gong og rør kraftig for å unngå klumpar. La koke nokre minutt for å unngå mjølsmak. Smak til med muskat, salt og peppar.
- Hakk vårløk og bland inn i fisken saman med ukokt makaroni og spinat.
- Set den kvite sausen til side for litt avkjøling. Riv parmesan over og rør inn.
- Rør inn egga i sausen.
- Vend sausen inn i fisken, vårløken, makaronien og spinaten.
- Ha over i ei eldfast form. Knus knekkebrød og ha over.
- Steik midt i omnen på 200 grader i ca 40 min.
Velbekomme:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.