Petterkjeks
Petterkjeks er vel det næraste du kjem julemannar utan at det treng å vere julehøgtid. Då treng ein vel ikkje utbrodere noko meir at dette er populær bakst blant kidsa!
Denne oppskrifta gir 6-7 steikebrett, men fortvil ikkje om du manglar ein barnehage å mette, kjeksa kan fint frysast!
Kjeksa er fine å ete som dei er, eller så kan du servere dei med smør og brunost som er min favoritt.
Til 6-7 steikebrett petterkjeks treng du:
- 1 l kulturmjølk
- 4 dl sukker
- 4 ss hornsalt
- 1 ts bakepulver
- 300 g smelta smør
- 600 g havregryn
- ca. 1600 g kveitemjøl + ekstra til utbaking
Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader.
- Smelt smøret og bland alt godt saman i ein bakebolle. (Eg synest eg får best resultat dersom eg lagar ei litt klissete deig og heller bruker mykje mjøl ved utbakinga).
- Kjevle til ei flat leiv (som om du skulle ha laga julemannar) og stikk ut kjeks med ei form eller eit glas. Prikk dei med eit grillspyd el.l.
- Legg over på bakepapirkledd steikebrett og steik midt i omnen i 10-12 min til kjeksa er gylne.
- Avkjøl på rist.
Serverast som dei er eller med smør og ost.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.