Hyttegryte
Denne oppskrifta er inspirert av ei Boeuf Bourguignon gryte som Lise Finckenhagen presenterte i VG si laurdagsavis sist helg. Her er min versjon, glutenfri og med nytt enklare namn; Hyttegryte. Den passar nemleg godt å lage på ei hytte der ein har tid til å la gryta stå å putre i 1,5 time og gjere gjestane ekstra svoltne. Nydeleg smak med god selleri- og potetstappe til. Noko å prøve til helga?
Til fire personar treng du:
Gryte:
- 1 kg reinskore høgrygg
- 150g bacon
- 2ss tomatpurè
- 2 fedd kvitløk
- 1 løk
- 3 gulrøter
- 1 laurbærblad
- 5dl raudvin
- 2dl vatn + oksefond/buljong
- 4-5 sjalottløk
- 4-5 sjampinjong
- salt og peppar
- 1,5ss maizena +1dl kaldt vatn
- solsikkeolje og smør til steiking
- friske urter til pynt
Selleri- og potetstappe:
- 4 poteter
- ½ sellerirot
- 3dl matfløyte
- 1ss smør
- salt og peppar
Slik gjer du:
Gryta:
- Skjær kjøtet i grove bitar og baconet i strimlar.
- Skrell og del løk, kvitløk og gulrot i bitar.
- Brun kjøt og steik bacon i litt solsikkeolje i ei gryte. Legg til side.
- Ha i 1 ss smør og fres grønsakene i nokre minutt. Ha kjøt og bacon tilbake i gryta.
- Ha over tomatpuré og bland godt før du fyll på med vin og vatn + fond/buljong.
- Ha i laurbærbladet. La koke under lokk i 1 time, før du legg lokket halvt på siste halvtimen.
- Rør ut maizena i kaldt vatn og rør det inn i gryta slik at sausen tjuknar litt.
- Ha over sjampinjong og sjalottløk i bitar og la koke med i ca 10 min. Smak til med salt og peppar.
Selleri- og potetstappe:
- Skrell og del potet og sellerirot i terningar.
- Ha i ei kasserolle og fyll på med vatn til alt er dekka.
- Kok opp og la koke til alt er mørt, ca 20-30 min.
- Hell av kokevatnet.
- Ha i 1ss smør og stapp alt godt.
- Tilset matfløyte i 2-3 omgongar og rør kraftig mellom kvar gong. (Du avgjer sjølv kor fast du vil ha den ved å justere mengda fløyte.)
- Krydre med salt og peppar.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.