Røsti
Røsti er nydeleg tilbehør til grillmat og tapas, eller kan vel eigentleg passe til det meste. Raspa poteter sammanpressa og steikt i ei steikepanne blir utruleg godt, og har du lyst på litt variasjon er det berre å opne krydderskuffa di.
Er kjøleskapet skrapa og du har lyst på noko godt er det Røsti du skal lage -det krevst hovudsakleg potet og kan lett gå som eit eige lite måltid.
Røsti
- 8-10 mellomstore poteter
- 1/2 løk
- Salt og pepar
- 1-2 ss smør/olje til steiking
- Friske urter på toppen
Oppskrift:
- Skrell potetene og riv dei på eit grovt rivjarn.
- Legg dei revne potetene i eit reint kjøkkenhåndkle og klem så mykje væske ut av potetene som mogleg.
- Finhakk løk og bland i saman med salt og pepar.
- Smelt smøret i panna og trykk potetene utover som ei flat kake.
- Steik på eine sida på middels høg varme til den er godt bruna før du snur den og steiker den på samme måte på andre sida.
- Server røsti med det samme, med friske urter på toppen -og gjerne ekstra salt og pepar.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.