Enkel kyllingform med spinat og soltørka tomat
Denne forma er mild og god og er enkel å servere til mange. Eg serverte den med fullkornpasta slik at det var eit alternativ å berre ete pasta for dei borna som ikkje ville smake denne gongen. Du kan sjølvsagt servere noko anna til:)
3-4 personar
- ca 700g kylling
- 1 pk babyspinat
- ½ rødløk i bitar/små båtar
- 3-4 ss soltørka tomat i bitar
- 1pk matfløte
- ca 150g fullkornpasta
- salt og peppar
(I tillegg kan du gjerne tilsette 2-3 fedd kvitløk og litt basilikum/timian om du har)
Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader
- Del kyllingen i bitar og steik den i litt solsikkeolje. Legg den i ei eldfast form.
- Ha over babyspinat, rødløk, soltørka tomat og matfløte. Krydre med salt og peppar.
- Steik i ca 15 min, til matfløta har tjukna litt og spinaten fallt godt saman.
- I mellomtida kokar du opp vatn med salt, og kokar pastaen til den er ”al dente”, ca 7-10 min.
Sett pastaen og kyllingforma rett på bordet og la gjestane forsyne seg sjølve. Enkelt og godt:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.