Linsesuppe med lam

suppe med linser

Linsesuppe med lam stod på menyen her 2. påskedag, som siste middag før påskegjestane reiste heim og med siste rest av påskelammet i bruk. Har du restar av lam liggande i frysar eller kjøleskap er dette ein glimrande måte å nytte dei på! Middagen er klar på under ein halvtime, og du får ein heilt ny rett ved bruk av det som elles hadde vore keisam restemat.

lammerester

Har du ikkje restar, kan du sjølvsagt lage retten med ukokt/steikt kjøtt, men då må du leggje til litt koketid slik at kjøtet blir mørt og godt. Brun i tilfelle kjøtet lett i panna og ha det i gryta saman med alt unnateke grønnsakene og linsene. Dei tilset du når det er ti minutt igjen før gryta skal på bordet, slik at dei akkurat blir møre.

Deilig linsesuppe med varme krydder som smakar godt servert åleine, eller saman med kokt ris eller quinoa.

linsegryte med lam

Linsesuppe med lam

Til ca 4 personar:

  • 2 ss rapsolje
  • 2 små løk
  • 2-3 fedd kvitløk
  • ca 400 g lammekjøtt
  • 400 g hakka tomat
  • 1 ts paprikakrydder (gjerne røykt paprika)
  • 1 ts gurkemeie
  • 1 ts spisskummen
  • 1/4 ts kanel
  • 1/4 ts ingefærpulver
  • 1 ts salt
  • ca 5 dl kraft
  • ca 200 g grøne/raude linser  (kartong/boks)
  • 1 stor søtpotet
  • 3-4 poteter
  • 2 gulrøter
  • 1 brokkolistilk (kan sløyfast eller erstattast av andre rotgrønsaker)
lammegryte med linser linsesuppe med lam

Slik gjer du:

  1. Skrell og del løk, kvitløk, søtpotet, poteter, gulrøter og brokkolistilken i terningar.
  2. Surr løken og kvitløken i oljen til den blir blank.
  3. Ha i alle kryddera og bland godt inn, la steike med i 1-2 minutt.
  4. Hell over hakka tomat og kraft, kok opp.
  5. Ha i ferdig steikt lammekjøt i bitar og grønsakene.
  6. Skyl linsene i eit dørslag til det sluttar å skumme og ha dei i.
  7. La småkoke til grønsakene er møre, ca 10 min.
  8. Servér gjerne med kokt ris, quinoa eller godt brød til.
linsesuppe med lam

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.